Gjennomgått i samarbeid med Pressefotografenes Klubb 09. mai 2019

Fotojournalist

Som fotojournalist formidlar du situasjonar, hendingar og nyheiter gjennom bilde og video.

Arbeidsoppgaver

Som fotojournalist formidlar du nyheiter og journalistiske forteljingar gjennom fotografi og video. Fotojournalisten kan jobbe aleine eller i team med andre journalistar.

Som fotojournalist dekker du aktuelle hendingar på ein mest mogleg objektiv og sannferdig måte, ofte med eit kreativt blikk, men alltid innanfor rammene for pressa sine etiske normer. 

Vanlege arbeidsoppgåver for ein fotojournalist:

  • oppsøke hendingar eller personar som er aktuelle i mediebiletet
  • reagere raskt og ta bildet i rette augeblinken
  • vurdere kva bilde som skal brukast
  • redigere og handsame bilde
  • filme og lage video
  • gjere etiske og kjeldekritiske val og vurderingar
  • selje inn bilde og video til oppdragsgivarar

 

Kor jobbar fotojournalistar?

Fotojournalistar kan jobbe i mediebedrifter som avisar, magasin eller vekeblad. Nokre fotojournalistar er fast tilsett i mediebedrifter, men det er vanlegare å arbeide frilans som sjølvstendig næringsdrivande for ulike oppdragsgivarar.

Intervjuer

Adrian Nielsen poserer foran en blå bakgrunn.

Fotojournalist

Adrian Nielsen

– Din suksess som fotojournalist bestemmes ikke av det som står på vitnemålet, men hva du bruker tiden og nysgjerrigheten din på, sier Adrian Nielsen.

Viktige eigenskapar

Ein fotojournalist må vere kreativ og nysgjerrig på samfunnet og menneske. Å vere god på kommunikasjon er viktig. Du bør like å snakke med folk og kunne få dei til å slappe av framfor kamera.

Lønn

Utdanning

Etter- og vidareutdanning
I Noreg er det ikkje noko utdanningstilbod for fotojournalistikk over bachelornivå, men ein kan bli oppteken på andre masterutdanningar. I tillegg kan du studere i utlandet.

Dei vanlegaste jobbane blant fotojournalistutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 616399 - Fotofag, uspesifiserte, lavere nivå
  • 616307 - Bachelor, fotojournalistikk, treårig
  • 616302 - Høgskolekandidat, fotojournalist, toårig
  • 616301 - Film, fjernsyn, video, lavere nivå
  • 516399 - Fotofag, uspesifiserte, påbygging til videregående utdanning

Bedrifter som ansetter fotojournalistar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med fotojournalistar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7342107 - PRESSEFOTOGRAF
  • 3491108 - FOTOJOURNALIST
  • 3131103 - DOKUMENTARFILMFOTOGRAF

Andre yrke

En mann arbeider ved en pult.

Art director

Ein art director utviklar idear og konsept for reklame, TV og radio.
Fotograf tar bilete med lang tele under vinterlige forhold på Svalbard.

Fotograf

Ein fotograf tek bilete av hendingar, natur, omgivnader eller menneske.
Grafisk designer designer reklame på desktop

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.
Mann som tegner en illustrasjon

Illustratør

Som illustratør arbeider du med visuell kommunikasjon og lagar illustrasjonar med teknikkar som teikning, akvarell, collage eller foto.
Illustrasjonsbilde av en mann foran en datamaskin.

Interaksjonsdesignar

Interaksjonsdesignaren formar ut brukargrensesnitt for nettstader, programvare og andre tekniske system vi nyttar i kvardagen.
Journalist intervjuer kvinne

Journalist

Journalisten samlar inn informasjon og formidlar han vidare i aviser, nettaviser, fjernsyn eller radio. Sakene omhandlar ofte nyhende eller aktuelle hendingar.
Kommunikasjonsrådgiver i møte.

Kommunikasjonsrådgjevar

Ein kommunikasjonsrådgjevar har ansvaret for å kommunisere bodskapen til bedrifta gjennom sosiale medium, nettsider, pressa og andre typar medium.
Markedsfører viser fram planar på et møte.

Marknadsførar

Ein marknadsførar utarbeider, formar og lanserer kampanjar for bedrifter.
En mann desginer på en pc

Mediedesignar

Ein mediedesignar jobbar med medium og kommunikasjon.
Mediegrafikeren sitter foran en dataskjerm og utarbeider grafikk.

Mediegrafikar

Som mediegrafikar jobbar du med utforming og produksjon av visuell kommunikasjon.
Redaktør snakker i mobilen

Redaktør

Ein redaktør leier det redaksjonelle arbeidet i ein redaksjon, og avgjer kva dei skal publisere. Redaktøren kan også ha det faglege, etiske og rettslege ansvaret for innhaldet i mediet eller publikasjonen.
Teknisk forfattar

Teknisk forfattar

Tekniske forfattarar utarbeider bruksrettleiingar, handbøker, installasjonsrettleiing, katalogar og tekniske rapportar.