Gjennomgått i samarbeid med Finansnæringens autorisasjonsordninger (FinAut) 12. desember 2023

Forsikringsrådgivar

Hovudoppgåva til forsikringsrådgivarar er å tilby og gi råd til kundar om kva typar forsikring dei treng.

Arbeidsoppgaver

Ein forsikringsrådgivar sel ulike forsikringar og informerer om deira eigenskapar, grad av dekning og liknande.

Grunnen til at bedrifter og privatpersonar ønskjer å ha forsikringar, er for å sikre seg mot økonomisk tap i tilfelle eit uhell eller ein hending oppstår. 

Vanlege arbeidsoppgåver for ein forsikringsrådgivar:

  • tilby kundane dei forsikringane dei har behov for
  • kontakte kundane for å selje forsikringsløysingar 
  • svare på førespurnad frå kundar som ønskjer forsikring
  • reise rundt på besøk hos kundar eller potensielle kundar

Kundane kan vere privatpersonar, bedrifter, foreiningar eller institusjonar. Ein forsikringsrådgivar kan òg jobbe utanfor normal arbeidstid og store delar av den kunderetta aktiviteten går nå føre seg digitalt.

Ein forsikringsrådgivar kan òg ha tittelen assurandør eller forsikringsseljar.

Forsikringsrådgivarar må ikkje forvekslast med forsikringsmeklarar. I motsetnad til forsikringsrådgivarar, jobbar ikkje meklarane for eit forsikringsselskap. Dei jobbar for å hjelpe arbeidsgivaren sin med å få best mogleg forsikring ut ifrå arbeidsgivarens forsikringsbehov.

Ein forsikringsrådgivar bør ha god kunnskap om økonomi, finans og forsikringsbransjen.

Kor jobbar forsikringsrådgivarar?

Forsikringsrådgivarar arbeidar i forsikringsselskap eller bankar.

Bli med ein forsikringsrådgivar på jobb

Korleis er det å jobbe som forsikringsrådgivar?

En mann i hvit skjorte med lysegrønne striper. Han har briller på. Han ser rett i kameraet. Han er på et kontor.

Forsikringsrådgiver

Dmitri Smirnov

– Hvis du vil jobbe som forsikringsrådgiver, må du være flink med kunder og kollegaer, sier Dmitri Smirnov

Viktige egenskaper for en forsikringsrådgivar

Som forsikringsrådgivar bør du ha evne til å forstå behova til kundane. Du bør òg stå fram som påliteleg. Du må vere flink til å uttrykkja deg presist skriftleg og munnleg, og vere flink til å samarbeide med kollegaer, andre yrkesgrupper og kundar.

Kva tener forsikringsrådgivarar?

Korleis utdannar du deg til forsikringsrådgivar?

For å få ein jobb som forsikringsrådgivar er det eit minimumskrav at du har tre års høgare utdanning på universitet eller høgskole. Det er ein fordel om du har utdanning innan forsikring, sal, økonomi eller handel. I forsikringsnæringa er det egen godkjennings- og sertifiseringsordning som må gjennomførast for å bli autorisert forsikringsrådgivar. Utdanninga er ein kombinasjon av fagutdanning og praksis. 

Det tilbydast ein rekke ulike kurs og studiar innan forsikring og økonomi fleire stader i Noreg.

Sjå oversikt over studium innan forsikring
Sjå oversikt over studium innan finans

 

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
For ein forsikringsrådgivar vil det alltid vere relevant med vidareutdanning, til dømes innan sal, handel, økonomi og marknadsføring. Mange arbeidsgivarar sørger for nødvendige kurstilbod.

Kva for ei utdanning er vanlegast for forsikringsrådgivarar?

Bedrifter: Kor jobbar forsikringsrådgivarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med forsikringsrådgivarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3412141 - KUNDERÅDGIVER (FORSIKRING)
  • 3412118 - SAKSBEHANDLER (FORSIKRING)
  • 3412116 - SKADEKONSULENT
  • 3412123 - OPPGJØRSMEDARBEIDER (FORSIKRING)
  • 4129101 - FORSIKRINGSASSISTENT
  • 3412153 - PRIVATASSURANDØR (FORSIKRING)
  • 3412152 - BEDRIFTSKONSULENT (FORSIKRING)
  • 3412151 - FAGKONSULENT (FORSIKRINGSSELSKAP)
  • 3412149 - FAGKONSULENT (FORSIKRING)
  • 3412147 - TEAMLEDER (FORSIKRING)
  • 3412145 - SPESIALRÅDGIVER (FORSIKRING)
  • 3412144 - FAGSJEF (FORSIKRING)
  • 3412142 - SKADEOPPGJØRSKONSULENT (FORSIKRING)
  • 3412139 - SPESIALKONSULENT (FORSIKRING)
  • 3412136 - KUNDEVEILEDER (FORSIKRING)
  • 3412134 - SERVICEKONSULENT (FORSIKRING)
  • 3412131 - KUNDEKONSULENT (FORSIKRING)
  • 3412128 - FORSIKRINGSSELGER
  • 3412126 - FORSIKRINGSRÅDGIVER (AUTORISERT)
  • 3412121 - RISIKOANALYTIKER
  • 3412117 - SKADEBEHANDLER
  • 3412111 - GRUPPELEDER (FORSIKRING)
  • 3412109 - AVDELINGSSJEF (FORSIKRING)
  • 3412108 - KUNDEBEHANDLER (FORSIKRING)
  • 3412107 - UNDERWRITER (FORSIKRING)
  • 3412106 - FORSIKRINGSKONSULENT
  • 3412105 - FORSIKRINGSAKKVISITØR
  • 3412104 - FORSIKRINGSAGENT
  • 3412101 - ASSURANDØR (FORSIKRING)
  • 3412146 - PROSJEKTLEDER (FORSIKRING)
  • 3412143 - UTREDER (FORSIKRING)
  • 3412127 - FORSIKRINGSINSPEKTØR
  • 3417102 - SKADEREGULERER
  • 3412135 - HAVARISEKRETÆR (FORSIKRING)
  • 3412132 - OPPGJØRSLEDER (FORSIKRING)
  • 3412102 - BEREGNER (FORSIKRING)
  • 3412133 - TRAINEE (FORSIKRING)
  • 3412137 - SKADEMEDARBEIDER
  • 3417101 - SKADEINSPEKTØR

Andre yrke

Idrettskonsulent i snølek.

Idrettskonsulent

Ein idrettskonsulent legger til rette for idrett og fysisk aktivitet i samfunnet.
En ortopeditekniker skrur på en beinprotese

Ortopediteknikar

Ortopediteknikaren lagar og reparerer ortopediske hjelpemiddel.
Rådgiver i offentlig sektor holder presentasjon.

Rådgivar i offentleg sektor

Rådgivar er ein av dei vanlegaste titlane for offentleg tilsette i Noreg.
En kvinne i et kontorlandskap med flere ansatte ved pultene.

Leiar

Leiaryrket er svært mangfaldig og finst innan dei fleste yrkesområda.
Tannlege polerer tennene til en pasient, mens en tannhelsesekretær holder et beger med slipepasta som brukes i poleringen.

Tannhelsesekretær

Tannhelsesekretæren assisterer tannlegen, og har hovudansvaret for hygiene og smittevern på tannklinikken.
To personer diskuterer over en bok

Filosof

Ein filosof studerer dei mest grunnleggande spørsmåla som har med mennesket sitt tilvære å gjere.
En jente og en gutt snakker sammen ute på gata.

Sosiolog

Sosiologen har kunnskap om mennesket som individ og mennesket som ein del av ei gruppe, og brukar dette til å forstå korleis menneske fungerer saman.
Illustrasjonsbilde av optiker i arbeid.

Optikar

Optikarar undersøker syn og avdekker synsfeil hos menneske.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Siviløkonom

Siviløkonom

Siviløkonomar jobbar med leiing og styring av bedrifter og organisasjonar.
Markedsfører viser fram planar på et møte.

Marknadsførar

Ein marknadsførar utarbeider, formar og lanserer kampanjar for bedrifter.
Personalsjef skriver på tavle.

Personalsjef

Som personalsjef har du ansvaret for personalsaker og løn i ein bedrift.