Gjennomgått i samarbeid med Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter (KRUS) 04. februar 2026

Fengselsbetjent

Fengselsbetjentar har ansvar for å følgja opp, rettleia og motivera menneske som sonar fengselsstraff.

Arbeidsoppgaver

Ein fengselsbetjent skal motverka nye straffbare handlingar gjennom å gjera opphaldet i fengselet meiningsfullt, bevisstgjerande og rehabiliterande for den innsette.

Som fengselsbetjent skal du balansera det å utøva makt og vise omsorg. Du har ansvaret for tryggleiken til innsette og domfelte, som går gjennom ulike former for straff. Du bidreg også til å sikra eit trygt arbeidsmiljø for kollegaer og samarbeidspartnarar.

Ein fengselsbetjent skal bidra til at den innsette sjølv kan ta ansvar for sitt eige liv og gjera ein eigen innsats for å endra det kriminelle handlingsmønsteret sitt.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein fengselsbetjent:

  • rettleia, motivera og samtala med dei innsette
  • leggja til rette for ein meiningsfylt kvardag for dei innsette
  • vareta tryggleiken i fengselet
  • organisera og delta i aktivitetar og sosiale arrangement

Fengselsbetjenten møter mange ulike typar menneske. Nokon har gjort seg skuldig i alvorlege kriminelle handlingar, medan andre slit med psykiske problem eller åtferdsvanskar av ulik art. Du må dermed vera førebudd på arbeidsdagar der tryggleik, grensesetjing og konfliktløysing står sentralt.

Jobben som fengselsbetjent stiller store krav til personlege eigenskapar og modnad, og inneber styresmaktsutøving og makt over menneske i ein vanskeleg situasjon. Samtidig krevst det grunnleggjande gode haldningar og verdiar, og trua på at menneske kan forandra handlingsmønsteret sitt. I dette yrket er det vanleg å jobba turnus.
 

Kor jobbar fengselsbetjentar?

Dei fleste fengselsbetjentar jobbar i fengsel. I Noreg har me fengslar med høgt og lågt tryggingsnivå. Fengselsbetjentar jobbar også i friomsorga med elektronisk kontroll (fotlenkjesoning) og i overgangsbustader.

Korleis er det å jobbe som fengselsbetjent?

En ung mann i uniform står nederst i en trapp. Han holder armene foldet foran brystet.

Fengselsbetjent

Jakob

– Det er harde skjebner vi jobber med, og vi er ikke ute etter å straffe. Frihetsberøvelsen er selve straffen, sier Jakob.
Julie foran et gittervindu i høysikkerhetsfengselet i Horten.

Fengselsbetjent

Julie Grønvold Gunneng

- Jeg har ansvar for å følge opp, motivere og veilede de innsatte, ikke straffe dem ytterligere - selve frihetsberøvelsen er straffen, sier Julie.

Viktige egenskaper for en fengselsbetjent

Som fengselsbetjent må du vera ansvarsmedviten og kunne jobba sjølvstendig. Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du må kunna setja grenser og kunne handtera krisesituasjonar, truslar og fysisk risiko.

Kva tener fengselsbetjentar?

Korleis utdannar du deg til fengselsbetjent?

Høgskulen og utdanningssenteret for kriminalomsorga (KRUS) utdannar fengselsbetjentar i Noreg. Ein kan ta utdanninga på heiltid eller deltid, og begge utdanningane er lønte.

På heiltid tek ein utdanninga på to år, og deretter er ein forplikta til eitt års teneste ved eit eller fleire fengsel etter enda utdanning. Første og fjerde semester blir gjennomført ved KRUS i Lillestrøm, medan andre og tredje semester blir gjennomført ved eit av dei godkjende opplæringsfengsla våre. Les meir om heiltidsutdanninga her.

På deltid tek ein ei nett- og samlingsbasert utdanning på tre år, der ein samtidig jobbar i eit av dei godkjende opplæringsfengsla våre. Les meir om deltidsutdanninga her.

Søknadsfristen for opptak til heiltids- og deltidsutdanninga blir kunngjord på Kriminamomsorgens høgskolen og utdanningssenteret KRUS sine nettsider (krus.no).

Opptakskrav
Det finst ei rekkje opptakskrav for å bli teke opp som aspirant, og det er same opptakskrav på heiltids- og deltidsutdanninga:

  • Generell studiekompetanse eller tilsvarande
  • Vandel det ikkje er noko å utsetja på, jf. straffegjennomføringslova § 8
  • Du må vera 20 år eller eldre for å søkja på utdanninga. Det betyr at du kan søkja på utdanninga i løpet av det året du fyller 20 år
  • Førerkort klasse B
  • Helse i tråd med medisinske krav fastsett av KRUS
  • Tilfredsstillende fysikk, under dette bestå ein fysisk funksjonstest fastsett av KRUS
  • Personlige eigenskapar som gjer søkjaren kvalifiserte for teneste i kriminalomsorga

Dei som har utdanning for yrket jobbar som?

  • 682201 - Høgskolekandidat, fengselsbetjentutdanning, toårig
  • 682299 - Fengselsfag, uspesifiserte, lavere nivå

Bedrifter: Kor jobbar fengselsbetjentar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med fengselsbetjentar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5162103 - FENGSELSBETJENT
  • 5162104 - FENGSELSFØRSTEBETJENT
  • 5162107 - FENGSELSNATTEVAKT
  • 5162101 - FENGSELSASPIRANT
  • 1227243 - FENGSELSINSPEKTØR
  • 1210180 - FENGSELSDIREKTØR

Andre yrke

Jurist i diskusjon med kollega.

Jurist

Juristar gir råd og rettleiing om juridiske problemstillingar.
To politimenn står foran en politibil.

Politi

I politi- og påtalemyndigheita finst det ei rekkje yrkesvegar.
Politibetjent med politihund

Politibetjent

Politibetjentar jobbar for å skapa tryggleik i samfunnet, og kan arbeida med alt frå patruljering og ordensteneste til etterforsking.
Politijurist i rettssak.

Politijurist

Politijuristar har leiarstillingar i politi- og påtalemyndigheitene.
Mann går under skilt kor det står "Kriminalomsorgen – Oslo fengsel".

Kriminolog

Kriminologar arbeider med å forstå forholdet mellom kriminalitet og samfunn.
Barnevernspedagog snakker med barn.

Barnevernspedagog

Barnevernspedagogar førebyggjer, løyser konfliktar og gir omsorg til barn og unge.
Pedagog underviser voksne elever i klasserom

Pedagog

Ein pedagog er ein person som har studert pedagogikk, enten i lærarutdanninga, barnevernsutdanninga eller som eige fag på universitetet.
Obduksjonstekniker kledd med plastfrakk og munnbund

Obduksjonsteknikar

Ein obduksjonsteknikar utfører obduksjonar, og handterer og steller døde.
En eldre kvinne i en terapitime

Klinisk sosionom

Som klinisk sosionom jobbar du for å forbetra evna menneske har til å fungera fysisk, psykisk og sosialt.
Vekter går på patrulje på kvelden

Vektar

Jobben til vektaren og/eller tryggleiksmedarbeidaren er å skape tryggleik gjennom å førebygge ulukker og lovbrot.
Megler tar en person i hånda.

Meklar

Meklarar hjelper til med forhandling og rådgiving mellom kjøparar og seljarar. Meklarar er også med på å løyse konfliktar mellom partar.
Byggingeniør sjekkar arkitekttegninger.

Byggingeniør

Bygg- og anleggsingeniøren speler ei sentral rolle i utgreiing, planlegging og gjennomføring av byggjeprosjekt, og fungerer ofte som leiar på byggjeplassar.