Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for teknologi og industrifag 30. juli 2024

Brønnoperatør komplettering

Ein brønnoperatør i komplettering monterer, testar, installerer, held ved like og reparerer komponentar til brønnkomplettering.

Arbeidsoppgaver

Komplettering er ein viktig reiskap for å optimalisere og gjere ein brønn klar for produksjon.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein brønnoperatør i komplettering:

  • operere utstyr som skal installerast i oljebrønnen
  • montere, teste, installere, vedlikehalde og reparere delar til brønnkompletteringa
  • planlegge og utføre arbeid på ein måte som tar omsyn til egen og andres helse og tryggleik
  • dokumentere arbeidet

Etter at boringa er gjort, skal brønnen gjerast klar til produksjon. Arbeidet må utførast etter strenge retningsliner, og på ein måte som tek vare på helse, miljø og tryggleik (HMS).

Brønnoperatøren har direkte kontakt med boreleiaren, som er den øvste ansvarlege.

Som regel arbeider du 14 dagar i eitt strekk på båt, rigg eller plattform. Du må derfor rekne med lange arbeidsdagar og du må vere innstilt på å jobbe turnus.

Etter som arbeidet blir utført i eit internasjonalt miljø, er gode engelskkunnskapar ein fordel.

Det blir stilt krav til helse og funksjonsdyktigheit.

 

 

 

Kor jobbar brønnoperatører komplettering?

Ein kompletteringsoperatør arbeider offshore innan olje- og gassutvinning for blant anna brønnserviceselskap over heile verda. Kompletteringsoperatøren jobbar på flyttbar eller fast plattform, båt eller rigg.

Korleis er det å jobbe som brønnoperatør komplettering?

Brønnoperatør i komplettering Erlend Eivik Eliassen i arbeidsklær ute på boreriggen med havet i bakgrunnen.

Brønnoperatør komplettering

Erlend Eivik Eliassen

Erlend Eivik Eliassen er spesialist på ferdigstillelse av oljebrønner før produksjon. I tillegg erfarer brønnoperatøren i komplettering at yrket gir muligheter inn flere fagfelt offshore.

Viktige egenskaper for en brønnoperatør komplettering

Som brønnoperatør i havbotnsinstallasjonar må du kunne arbeide planmessig, rasjonelt og ansvarleg. Samarbeid er ein viktig del av jobben for å vareta eigen og andres sikkerheit under krevjande og kritiske operasjonar. Derfor må du ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du må også vere fleksibel, for å kunne tilpasse deg nye metodar og nytt utstyr.

Kva tener brønnoperatører komplettering?

Korleis utdannar du deg til brønnoperatør komplettering?

Videreutdanning

Med dette fagbrevet er det også mogleg å ta ingeniørutdanning via y-vegen.

Petroleum
Fagskole
Se utdanninger og steder

Kva for ei utdanning er vanlegast for brønnoperatører komplettering?

Kva jobbar kompletteringsoperatøren med?

  • 458405 - Brønnfaget, komplettering, Vg3

Bedrifter: Kor jobbar brønnoperatører komplettering?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med brønnoperatører komplettering

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 8114111 - BRØNNOPERATØR

Andre yrke

Havbunnsinstallatør jobbar med stor hydraulisk installasjon

Brønnoperatør havbotnsinstallasjonar

Ein brønnoperatør i havbotnsinstallasjonar installerer og betener undervassutstyr.
Brønnoperatør jobber offshore.

Brønnoperatør

Ein brønnoperatør arbeider i offshorebransjen med olje- eller gassutvinning.
Illustrasjonsbilde av arbeidere på et raffineri

Prosessteknikar

Prosessteknikaren driftar og held ved like kjemiske prosessanlegg.
Platearbeider har ansvar for å vedlikehalde sveiseutstyr

Platearbeidar

Ein platearbeidar formar ut plater, røyr og profilar, og set dette saman til større konstruksjonar.
Energimontør i arbeid

Energimontør

Energimontørar arbeider med å bygge og halde ved like det elektriske energinettet.
En mann stiller inn en 3d printer

Maskiningeniør

Ein maskiningeniør designar produkt, lagar produksjonsutstyr og styrer produksjonsprosessar.
Petroleumsingeniør i arbeid

Petroleumsingeniør

Som petroleumsingeniør arbeider du i olje- og gassbransjen, gjerne med ansvar for område som produksjon, boring eller reservoar.
Industrirørlegger driller hull i vegg over et rør.

Industrirøyrleggar

Industrirøyrleggaren er ein fagarbeidar som monterer røyr/leidningsopplegg, og utførar sveising og platearbeid.
Elektrofagarbeider i arbeid.

Elektrofagarbeidar

Elektrofagarbeidaren har kompetanse innan ei rekke elektrofaglege område, mellom anna data- og elektronikksystem, elenergisystem og automatiseringssystem.
Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
Maskinist sjekker instrumenter

Maskinist

Som maskinist har du ansvar for drift og vedlikehald av teknisk utstyr og maskiner om bord på skip og plattformer.
Illustrasjonsbilde av kjemiingeniører i arbeid

Kjemiingeniør

Ein kjemiingeniør arbeider med kjemiske prosessar.