Brannkonstabel
Som brannkonstabel sløkk du brannar, og driv med rednings- og tryggleiksarbeid i brannvesenet.
Arbeidsoppgaver
Ein brannkonstabel sløkk brannar, reddar menneske og dyr, og utfører tryggleiksarbeid i brannvesenet. Brannkonstabel går også under tittelen brannmann.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein brannkonstabel:
- brannsløkking
- røykdykking
- frigjering av omkomne eller skadde personar
- livreddande fyrstehjelp
- redningsarbeid ved hjelp av tau som til dømes nedfiring
- sikring av ulukkesstader
Førebyggande arbeid er ein viktig del av tryggleiksarbeidet. Brannkonstablar passar på at brannforskriftene blir følgde i bygningar, nybygg, institusjonar, industrianlegg og på skip. Dei utfører jamleg inspeksjonar og kontrollar. Informasjonsverksemd og opplæring for å unngå ulukker er òg viktig.
Brannvesenet støttar òg publikum med ei rekke servicefunksjonar, til dømes ved innelåsingar og heisstopp.
Ein del brannkonstablar er også redningsdykkarar, og har dykking som ein del av jobben. Som brannkonstabel samarbeider du mellom andre med branningeniør og røykdykkar.
Kor jobbar brannkonstablar?
Brannkonstabelen arbeider i kommunale brannvesen, og er tilsett heiltid eller deltid.
Bli med ein brannkonstabel på jobb
Korleis er det å jobbe som brannkonstabel?
Brannkonstabel
Vemund Storås
Brannkonstabel
Svein Magne Helgevold
Viktige egenskaper for en brannkonstabel
Arbeidet som brannkonstabel stiller høge krav til fysisk og psykisk helse. Du må ha god styrke og uthald og du må kunne symje. Du kan ikkje ha klaustrofobi eller høgdeskrekk. Arbeidet er gruppebasert og brannkonstablar må både kunne samarbeide og la seg leie. Du må òg kunne halde deg roleg i stressande og farlege situasjonar.
Kva tener brannkonstablar?
Korleis utdannar du deg til brannkonstabel?
For å bli brannkonstabel må du først få deg jobb som aspirant/vikar i eit brannvesen. Der får du internopplæring og avsluttar med eit 8-vekers kurs, grunnkurset, på Noregs brannskule. Noregs brannskule er ansvarleg for utdanninga av norske brannkonstablar. Utdanninga er ikkje ei open utdanning alle kan søka på.
Sjå Noregs brannskole for nærare informasjon
Opptakskrav
For å bli teken opp til grunnkurs ved Noregs brannskole må du ha gjennomført internopplæring i brannvesenet. Det vil seia at du må ha fått deg ein jobb som aspirant/vikar i brannvesenet. Krava for å bli teken opp til internopplæring varierer frå brannvesen til brannvesen. Normalt må du ha gjennomført opplæring på vidaregåande nivå, i tillegg til ymse krav til fysisk og psykisk helse.
Videreutdanning
Etter- og vidareutdanning
Noregs brannskole organiserer ei leiarutdanning og ei spesialutdanning for yrkesutdanna brannkonstablar. Du kan ta kurs for å vidareutdanne deg til røykdykkar eller redningsdykkar.
Bedrifter: Kor jobbar brannkonstablar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med brannkonstablar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 5161101 - BRANNKONSTABEL
- 5161107 - BRANNFORMANN
- 5161116 - BRANNMESTER
- 5161106 - UNDERBRANNMESTER
- 5161117 - OVERBRANNMESTER
- 5161115 - ALARMOPERATØR
- 5161113 - STASJONSSJEF (REDNINGSTJENESTE)
- 5161108 - ASPIRANT (BRANNVESEN)
- 5161105 - UTRYKNINGSLEDER (BRANNVESEN)
- 5161102 - BRANNVAKT
- 1227164 - VARABRANNSJEF
- 1227269 - BRIGADESJEF (BRANN- OG FEIERVESEN)
- 5161120 - BEREDSKAPSLEDER (BRANNVESEN)
- 1227172 - VARABRANNMESTER