Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for frisør, blomster, interør og eksponeringsdesign 26. november 2024

Blomsterdekoratør

Ein blomsterdekoratør lager blomsterarbeidar til arrangement og hendingar.

Arbeidsoppgaver

Som blomsterdekoratør lager du blomsterarbeidar til små og store hendingar og arrangement.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein blomsterdekoratør:

  • lage bukettar og dekorasjonar, som for eksempel fødselsdagsbukettar, brudebukettar, bårebukettar og kransar
  • dekorere rom og lokale til seremoniar og høgtider, både innan- og utandørs
  • betene kundar og ta imot bestillingar
  • rydde og halde orden i butikklokala

I dette yrket må du vere ein kreativ og god handverkar med sans for estetikk. Du må ha god kjennskap til korleis levande plantemateriale veks og skal blir stelt, og også ha kunnskap om andre materialar og gjenstandar som brukast i bukettar og dekorasjonar.

Det er viktig å vere fagleg oppdatert på trendar, moter og design i faget. Du vil ofte måtte løyse arbeidsoppgåver på kort tid, så det er viktig å vere løysingsorientert og effektiv i alle deler av arbeidet. 

Som blomsterdekoratør er du vanlegvis også butikkarbeidar, og har tett kontakt med kundar og kollegaer. Kundekontakt og marknadsføring av fag og fagkunnskap er dermed svært viktig i det daglege arbeidet. 

Kor jobbar blomsterdekoratørar?

Blomsterdekoratøren jobbar først og fremst i blomsterbutikkar eller verkstadar, men kan òg jobbe for ulike tilstelninger og arrangement.

Korleis er det å jobbe som blomsterdekoratør?

Portrettbilde av Ingrid Marie Aarre

Blomsterdekoratør

Ingrid Marie Aarre

Inger Marie Aarre hadde deltidsjobb i blomsterbutikk. Hun ble så engasjert at hun valgte bort opprinnelige studier og ble blomsterdekoratør.

Viktige egenskaper for en blomsterdekoratør

Ein blomsterdekoratør må vere kreativ og ha sans for form og farge. Du må vere serviceinnstilt, god på kundebehandling, løysingsorientert og ha interesse for handverk, planter og natur. Sidan du møter menneske i alle stadium av livet, må du vere imøtekommande og empatisk. Du må også vere interessert i moter og trendar.

Kva tener blomsterdekoratørar?

Korleis utdannar du deg til blomsterdekoratør?

Å bli blomsterdekoratør med fagbrev tar fire år. Først går du to år på vidaregåande skole, deretter to år i praksis. 

Du som har fullført eitt år på vidaregåande, kan ta resten av blomsterdekoratørutdanninga som fagskoleutdanning som voksen, på heil- eller deltid.

Alternativt kan opplæringa gjennomførast som fire års opplæring i bedrift.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning

Du kan ta meisterbrev i blomsterdekoratørfaget. Les meir om meisterbrev
Det finst også fleire relevante studium på fagskolenivå. Oversikt over fagskoleutdanning 

Gartneri og hagebruk
Fagskole
Se utdanninger og steder

Kva jobbar blomsterdekoratørutdanna med?

  • 416901 - Blomsterdekoratørfaget, Vg3 (gammel ordning)

Bedrifter: Kor jobbar blomsterdekoratørar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med blomsterdekoratørar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5222101 - BLOMSTERDEKORATØR

Andre yrke

Markedsfører viser fram planar på et møte.

Marknadsførar

Ein marknadsførar utarbeider, formar og lanserer kampanjar for bedrifter.
En mann arbeider ved en pult.

Art director

Ein art director utviklar idear og konsept for reklame, TV og radio.
Bilselger overleverer nøkler til kjøper av ny bil.

Bilseljar

Bilseljarar sel nye og gamle bilar.
En mannlig markedssjef peker på en post-it lapp på et whiteboard.

Marknadssjef

Marknadssjefen har ansvaret for marknadsaktivitetane i ei bedrift.
En mann desginer på en pc

Mediedesignar

Ein mediedesignar jobbar med medium og kommunikasjon.
Mediegrafikeren sitter foran en dataskjerm og utarbeider grafikk.

Mediegrafikar

Som mediegrafikar jobbar du med utforming og produksjon av visuell kommunikasjon.
En mann i svart kokkeuniform og caps tar på seg et par blå plasthansker. Han står bak en disk fyllt med fisk og sjøkmat. I bakgrunnen er det et storkjøkken.

Butikkmedarbeidar

Butikkmedarbeidaren hjelper kundar og yter service i ulike typar butikkar.
Megler tar en person i hånda.

Meklar

Meklarar hjelper til med forhandling og rådgiving mellom kjøparar og seljarar. Meklarar er også med på å løyse konfliktar mellom partar.
To hender som jobber med seletøy

Salmakar

Ein salmakar lager, reparerer og held ved like selety og bilinteriør.
En møbelsnekker lager en stol på en benk

Møbelsnikkar

Ein møbelsnikkar vel, formar og set saman materiale til møblar og innreiingar.
Idrettskonsulent i snølek.

Idrettskonsulent

Ein idrettskonsulent legger til rette for idrett og fysisk aktivitet i samfunnet.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.