Gjennomgått i samarbeid med Norsk Astronautisk Forening 28. oktober 2024

Astronaut

Ein astronaut er ein person som er utdanna til å manøvrere eller arbeide om bord i eit romfartøy.

Arbeidsoppgaver

Ein astronaut arbeider med å gjere seg sjølv og utstyr klart for å reise ut i verdsrommet. Som astronaut trenar du på arbeidet i rommet ved spesielle senter der dei har symjebasseng, sentrifugar og simulatorar som etterliknar tilhøva i rommet.

Nokre astronautar navigerer og fører romfartøyet, medan andre tek seg av last, reparasjonar og eksperiment. Det finst altså to typar astronautar: pilotar og ferdsspesialistar. Ferdsspesialistar kan ha ulik bakgrunn, avhengig av kva oppgåver som skal utførast i rommet.

Dei fleste astronautar reiser på to til tre opphald i verdsrommet. Resten av tida er dei ein del av bakketeamet for andre astronautar.

Som astronaut er du utsett for risiko for ulykker under oppskyting og tilbakevending. Også under opphaldet i rommet vert astronautar utsette for mange farar.

Strengt tatt blir du ikkje astronaut før du er sendt ut i verdsrommet. Som astronaut må du difor ha stor tolmod. Det kan ta lang tid frå du vert vald ut til å bli med på ein romferd, til du faktisk får fly.

Kor jobbar astronauter?

Dei som blir astronautar arbeider ved ulike romsenter, som for eksempel European Space Agency (ESA) og NASA. Eit fåtal astronautar jobbar på den internasjonale romstasjonen i verdsrommet (ISS). Talet på astronautar som jobbar på den internasjonale stasjonen varierer.  

Bli med ein astronaut på jobb

Korleis er det å jobbe som astronaut?

En person i hvit romdrakt smiler bredt og blunker til kamera. Hun peker på et norsk flaggemblem på drakten, hvor det også står navnet «J. Mikkelsen».

Astronaut

Jannicke Mikkelsen

− Romferden varte i tre og et halvt døgn, og i løpet av den tiden krysset vi over polene og hele jordkloden 56 ganger, forteller astronaut Jannicke Mikkelsen.
Astronaut Andreas Mogensen

Astronaut

Andreas Mogensen (Danmark)

Andreas Mogensen har, som en av svært få mennesker på jorda, lagt ut på en utrolig krevende reise som en dag skal ta ham ut i verdensrommet.

Viktige egenskaper for en astronaut

Ein astronaut må vere i svært god fysisk form. Det er ein føresetnad at ein kan arbeide konsentrert, fokusert og oppofrande med alle arbeidsoppgåvene som inngår i jobben.

Astronautar arbeider i team og derfor må du ha gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar, i tillegg til gode språkkunnskapar. Du må ha evna til å halde deg rolig i stressande situasjonar. 

Korleis utdannar du deg til astronaut?

Dersom du ynskjer å manøvrere romfartøy, må du ha pilotutdanning.

Ferdsspesialistar er som regel forskarar eller ingeniørar. Dei har ofte ei master- eller doktorgrad innan medisin, fysikk, kjemi, geofysikk, biologi, biokjemi, materialteknologi, reguleringsteknikk eller IKT. Mange universitet og høgskolar i Noreg tilbyr desse utdanningane. I tillegg må astronauten ha arbeidserfaring i fagfeltet du er utdanna i.

European Space Agency har eit astronautsenter i Köln i Tyskland. Dei utdannar europeiske astronautar som har komme gjennom nålauga for opptak.

Opptakskrav
Opptakskrava for astronaututdanninga er svært krevjande, både fysisk og psykisk. Høg kompetanse innan naturvitskaplege fag står sentralt, i tillegg til at syn, høyrsle og andre helserelaterte eigenskapar må vere nærmast perfekt.

Andre yrke

Satellitteknologi.

Romteknolog

Som romteknolog arbeider du med forsking og utvikling av romrelatert teknologi.
To sivilingeniører inspiserer et teknisk rom

Sivilingeniør

Sivilingeniørar utviklar teknologiske løysingar, og jobbar med forsking, utvikling, undervisning, prosjektarbeid og leiing.
En astronom kikker på stjernene på nattehimmelen.

Astronom

Astronomar studerer objekt og fenomen i universet, som planetar, galaksar og stjerner.
Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
Illustrasjonsbilde av fysiker i arbeid

Fysikar

Som fysikar arbeider du med alt frå studiet av små partiklar til korleis universet fungerer.
En kvinne sitter jobber foran en pc

Samfunnsøkonom

Samfunnsøkonomar spår den økonomiske utviklinga og gir råd basert på dette.
Mannlig sykepleier undersøker pasient mens kvinnelig sykepleier står ved siden av og ser på.

Kreftsjukepleiar

Kreftsjukepleiarar arbeider med kreftsjuke pasientar og deira pårørande.
Patolog titter inn i mikroskop.

Patolog

Ein patolog er ein lege som undersøker vev og/eller celler for å sjå etter sjukelege forandringar.
Mikrobiolog i laboratoriet

Mikrobiolog

Mikrobiologar studerer éin- og fåcella organismar slik som bakteriar, sopp, virus og amøbar.
Byggingeniør sjekkar arkitekttegninger.

Byggingeniør

Bygg- og anleggsingeniøren speler ei sentral rolle i utgreiing, planlegging og gjennomføring av byggjeprosjekt, og fungerer ofte som leiar på byggjeplassar.
Kvinnelig biolog sitter på huk ved en bekk og ser på vannprøve i reagensglass

Biolog

Biologar jobbar med dyre- og planteliv og arbeider både ute i felt og på laboratorium.
En perfusjonist følger med på en maskin under en hjerteoperasjon

Perfusjonist

Som perfusjonist handterer du hjarte- og lungemaskin i tillegg til andre maskinar under operasjonar.