Gjennomgått i samarbeid med Advokatforeningen 21. juni 2023

Advokatsekretær

Advokatsekretærar sørgjer for at advokatkontoret fungerer på ein effektiv måte.

Arbeidsoppgaver

Som advokatsekretær har du spesialisert deg til å jobba med advokatar og juristar.

Advokatsekretæren har gode kunnskapar om lover og forskrifter, og legg til rette for det daglege arbeidet på eit advokatkontor.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein advokatsekretær:

  • tekstbehandling og rekneskap
  • ta imot og svara på førespurnader frå klientar
  • økonomistyring og kontorrutinar
  • kontraktsrett, kjøpsrett, arbeidsrett og personrett

Det er viktig å meistra framandspråk, spesielt engelsk. God kommunikasjon, både munnleg og skriftleg, er ein viktig del av jobben.

Stillingstitlane advokatassistent og advokatsekretær blir ofte brukt om kvarandre. Vanlegvis har advokatassistentar arbeidsoppgåver som er meir jusrelaterte, medan advokatsekretærar legg til rette for det daglege arbeidet på kontoret.

Kor jobbar advokatsekretærar?

Som advokatsekretær jobbar du på advokatkontor, i næringslivsføretak, eller på kontor innan offentleg forvaltning som stat, kommune og fylkeskommune. Du kan også jobba innan politiet og domstolane.

Bli med ein advokatsekretær på jobb

Korleis er det å jobbe som advokatsekretær?

En kvinne i grønn genser. Hun sitter foran en bokhylle og smiler mot kamera.

Advokatsekretær

Silje Aspenes Lavik

– Jeg har alltid vært en omsorgsperson som tar vare på de rundt meg, og hadde også veldig stor rettferdighetssans, forteller Silje Aspenes Lavik.

Viktige egenskaper for en advokatsekretær

Som advokatsekretær jobbar du med menneske, og diskresjon er viktig. Du må vera rask og nøyaktig, og du må til kvar tid ha oversikt. God skriftleg og munnleg framstillingsevne er ein føresetnad for å vera advokatsekretær.

Kva tener advokatsekretærar?

Korleis utdannar du deg til advokatsekretær?

Det er mogleg å ta utdanning som advokatsekretær i vidaregåande opplæring og på fagskole.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning

Dersom du allereie er utdanna advokatsekretær, kan du vidareutdanne deg til advokatassistent ved å ta 1,5 år med vidareutdanning. 

Kva for ei utdanning er vanlegast for advokatsekretærar?

Kva jobbar sekretærutdanna med?

  • 543199 - Sekretærutdanning, uspesifisert, påbygging til videregående utdanning
  • 543104 - Fagskoleutdanning, advokatassistent, ettårig
  • 543102 - Fagskoleutdanning, sekretærutdanning
  • 543101 - Sekretærutdanning, ettårig

Bedrifter: Kor jobbar advokatsekretærar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med advokatsekretærar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 4113103 - ADVOKATSEKRETÆR
  • 2521111 - JURIDISK SEKRETÆR

Andre yrke

Illustrasjonsbilde av kontoransatte

Saksbehandlar

Som saksbehandlar arbeider du med å greie ut og svare på søknader, notat og andre skriv.
Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
Personalsjef skriver på tavle.

Personalsjef

Som personalsjef har du ansvaret for personalsaker og løn i ein bedrift.
Politijurist i rettssak.

Politijurist

Politijuristar har leiarstillingar i politi- og påtalemyndigheitene.
Rådgiver i offentlig sektor holder presentasjon.

Rådgivar i offentleg sektor

Rådgivar er ein av dei vanlegaste titlane for offentleg tilsette i Noreg.
En jente og en gutt snakker sammen ute på gata.

Sosiolog

Sosiologen har kunnskap om mennesket som individ og mennesket som ein del av ei gruppe, og brukar dette til å forstå korleis menneske fungerer saman.
Redaktør snakker i mobilen

Redaktør

Ein redaktør leier arbeidet i ein redaksjon eller eit mediehus, og avgjer kva som skal publiserast. Redaktøren har det faglege, etiske og som hovudregel også rettslege ansvaret for innhaldet.
To personer diskuterer over en bok

Filosof

Ein filosof studerer dei mest grunnleggande spørsmåla som har med mennesket sitt tilvære å gjere.
En kvinne sitter jobber foran en pc

Samfunnsøkonom

Samfunnsøkonomar spår den økonomiske utviklinga og gir råd basert på dette.
Illustrasjonsbilde av Stortinget i Oslo.

Politikar

Politikarar jobbar mellom anna med fordeling av gode og plikter i samfunnet. Som politisk folkevalt er du med på å gjennomføra den politikken du og partiet ditt står for.
Geograf foretar landmåling

Geograf

Geografar studerer korleis stad og rom utviklar seg, og korleis natur, menneske og samfunn påverkar denne utviklinga.
Tannlege polerer tennene til en pasient, mens en tannhelsesekretær holder et beger med slipepasta som brukes i poleringen.

Tannhelsesekretær

Tannhelsesekretæren assisterer tannlegen, og har hovudansvaret for hygiene og smittevern på tannklinikken.