Advokat
Arbeidsoppgaver
Jobben til advokaten handlar ofte om å vurdere saker som klienten kjem med og gi råd om korleis saka kan følgast opp. For privatpersonar kan sakene gjelde for eksempel spørsmål om arv, skilsmisse eller nabokonflikt. Advokatar som jobbar med forretningsjus og har bedrifter og store selskap som kundar, blir blant anna brukt som rådgivarar i forhandlingar og når det blir skrive avtalar.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein advokat:
- gi rettslege råd om kva som er lov og ikkje lov
- føre forhandlingar med ein motpart
- utforme juridiske dokument, som for eksempel testament, ektepakt, kontraktar og lignende
- representere klientar i sivile rettssaker
- forsvare tiltala i straffesaker
- bistå offera i straffesaker (bistandsadvokat)
Nokre advokatar jobbar med strafferett, enten som forsvarsadvokatar eller som bistandsadvokatar. Det er det offentlege som betaler desse oppdraga, men advokatane jobbar i eigne firma og er ikkje tilsett av staten.
Du kan også jobbe som bedriftsadvokat. Det vil seie at du er tilsett i bedrifta du jobbar for. Som organisasjonsadvokat er du tilsett i ein organisasjon, og utfører oppdrag for medlemmane i organisasjonen.
Advokatar i offentleg sektor kan for eksempel jobbe som:
- statsadvokat
- politiadvokat
- riksadvokat
- annan type advokat for staten. Då representerer du staten og statens interesser
- kommuneadvokat. Då representerer du interessene i kommunen
Ofte kan klienten si sak bli løyst utan å gå til ein domstol. Nokre gongar skjer dette gjennom mekling, og mange advokatar har etterutdanning innan advokatmekling.
Viss ein konflikt berre lèt seg løyse ved å ta han til retten, vil det vere ein advokat som fører saka. Begge partar i ein konflikt vil då ha ein advokat til å representere seg, og jobben til advokaten er å framføre dei beste argumenta for klienten sin.
Nokre advokatar er allmennpraktikarar og tek saker innanfor dei fleste rettsområda, for eksempel innan familierett, pengekrav, kontraktsrett, fast eigedom og strafferett. Andre jobbar spesialisert med enkelte rettsområde, som for eksempel EØS-rett, patentrett eller selskapsrett.
Kor jobbar advokatar?
Som advokat kan du jobbe både i privat og offentleg sektor. Advokatar i privat sektor jobbar i advokatfirma, i private bedrifter eller organisasjonar. Mange startar også si eiga advokatverksemd og driv denne åleine eller saman med andre advokatar.
I det offentlege jobbar advokatar for eksempel hos Regjeringsadvokaten eller i store kommunar.
Bli med ein advokat på jobb
Korleis er det å jobbe som advokat?
Advokat
Marit Opsahl Juvkam
Advokat
Fredrik Reinsborg
Viktige egenskaper for en advokat
Som advokat er det viktig å uttrykke seg godt både skriftleg og munnleg, og vere flink til å forstå skriftleg og munnleg framstilling. Det hjelper også å vere kritisk og sjølvstendig. Yrket inneber mykje kontakt med andre menneske. Derfor bør ein advokat ha gode mellommenneskelege evner. I tillegg må du ha grunnleggande respekt for rettssystemet og å overhalde lover og reglar.
Kva tener advokatar?
Korleis utdannar du deg til advokat?
Når du er ferdig utdanna som jurist, kan du velje å gå vidare for å bli advokat. Det vanlegaste vil da vere å søke jobb som advokatfullmektig. Dette er ei læretid der du utfører mange av dei same arbeidsoppgåvene som ein advokat gjer, under rettleiing av ein advokat (prinsipal).
Vanlegvis må du søkje deg inn på eit femårig masterprogram. No finst det òg masterutdanningar i rettsvitskap på to år, der du kan søkje deg inn med ein bachelorgrad i juss. Sjekk kva for bachelorgrader du kan søkje opptak med hos den enkelte utdanningsinstitusjonen.
Videreutdanning
Etter- og vidareutdanning
Alle advokatar som er medlem i Advokatforeininga, må ta etterutdanning i form av kurs. Det blir stilt krav om 48 timar med etterutdanning i løpet av ein treårsperiode. Du kan lese meir om kravet om etterutdaning på advokatforeninga sine sider.
Kva for ei utdanning er vanlegast for advokatar?
Kva jobbar juristutdanna med?
- 8371 - Rettsstudiet
- 737908 - Master of Laws, North Sea Energy Law, 1½-årig
- 737906 - Master of Laws, maritime law
- 737905 - Master of Laws, information and communication technology law
- 737904 - Master of Laws, public international law
- 737102 - Master, rettsvitenskap, femårig
- 737101 - Cand.jur.-utdanning, profesjonsstudiet.
Bedrifter: Kor jobbar advokatar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med advokatar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 2521106 - ADVOKAT
- 2521107 - ADVOKATFULLMEKTIG
- 2523103 - POLITIADVOKAT
- 2523111 - FØRSTEKRIGSADVOKAT
- 2523109 - KRIGSADVOKAT
- 2523108 - GENERALADVOKAT
- 2523107 - FØRSTESTATSADVOKAT
- 2523104 - STATSADVOKAT
- 2521112 - TRAINEE (ADVOKATKONTOR)
- 2521110 - KOMMUNEADVOKAT
- 2521105 - SENIORADVOKAT
- 1227202 - REGJERINGSADVOKAT
- 1210189 - ASSISTERENDE RIKSADVOKAT
- 1210188 - ASSISTERENDE REGJERINGSADVOKAT
- 1120118 - RIKSADVOKAT
Andre yrke
Ambassadør
Saksbehandlar
Statsvitar
Sosiolog
Kriminolog
Redaktør
Filosof
Obduksjonsteknikar
Politibetjent
Personalsjef
Politijurist