Illustrasjonsbilde av tollere som kontrollerer eit skip.
Yrkesskildring

Tollar

favoritt ikon

Som tollar kan du mellom anna arbeide med å kontrollere reisande og reisegods, eller køyretøy og båtar.

Som tollar sørger du for at inn- og utførte varar blir deklarert korrekt. Tollarar kontrollerer grensepasseringar, varetransport, reisande og reisegodssendingar. Dette gjer ein mellom anna for å hindre ulovleg import og eksport av varer. Som tollar arbeider du òg med å rekne ut toll og avgifter, og ser til at desse blir innbetalte til rett tid.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein tollar er:

  • kontrollere passasjerar, varetransport og reisegods
  • kontrollere køyretøy og båtar
  • rettleie næringslivet og privatpersonar om toll
  • gi opplæring og undervising
  • gjere etterretning og sakshandsaming

Tollarar kan også vere med på å aksjonere saman med Politiet, Vegvesenet, Mattilsynet, Skatteetaten og Kystvakta. 

Nokre få tollarar blir etter kvart hundeførarar. Desse har hundane buande heime hjå seg, og brukar dei kvar dag i kontrollarbeid. 

Du må rekne med å måtte jobbe turnus dersom du jobbar i grensekontrollen. 

Kvar arbeider tollarar?

Tolletaten er ein etat under Finansdepartementet. Tollarar jobbar i tollregionene, blant anna ved grenseovergangar, hamner og flyplassar rundt omkring i Noreg.

Personlege eigenskapar

Du bør vere sjølvstendig, fleksibel og imøtekommande. Det er også ein fordel om du er reflektert, tar initiativ, har integritet og sterke evner både munnleg og skriftleg i norsk og engelsk. Det er også ein fordel om du kan andre språk. Du må vere nøyaktig, vaken og lovlydig.

Utdanning

For å bli tollar må du søkje på ei stilling som tollaraspirant. Stillingane blir vanlegvis utlyst to gongar i året. Utdanninga tek 2,5 år og er lønna. Den teoretiske opplæringa vil finne stad ved kompetansesenteret i Oslo, medan praksisen finn stad i regionen der du er tilsett. Dersom du kjem frå andre stadar enn Oslo, sørger Tolletaten for bustad under teoriopplæringa.

Etter at du er ferdig med utdanninga har du pliktteneste i 22 månadar som tollinspektør. 

Les meir om tollarutdanninga

Opptakskrav
Les om opptakskrava hos Tollvesenet sin nettside under "Hva må til for å bli tollaspirant?".

Kva jobbar tollerutdannede som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Lønn

Yrke Sektor Arbeidstakere Lønn Løn, med overtid Gjennomsnittslønn Gjennomsnittslønn, med overtid
Toller
Heltid
Alle sektorer
1 176 personer
535 personer
641 personer
Ca 255 kr
Ca 247 kr
Ca 263 kr
41 370 kr
39 950 kr
42 530 kr
496 440 kr
479 400 kr
510 360 kr
Ca 255 kr
Ca 247 kr
Ca 263 kr
41 680 kr
40 040 kr
43 010 kr
500 160 kr
480 480 kr
516 120 kr
Ca 258 kr
Ca 250 kr
Ca 265 kr
41 850 kr
40 540 kr
42 940 kr
502 200 kr
486 480 kr
515 280 kr
Ca 258 kr
Ca 250 kr
Ca 265 kr
42 920 kr
41 400 kr
44 180 kr
515 040 kr
496 800 kr
530 160 kr
Toller
Heltid
Statlig
1 152 personer
520 personer
632 personer
Ca 256 kr
Ca 247 kr
Ca 263 kr
41 430 kr
39 980 kr
42 680 kr
497 160 kr
479 760 kr
512 160 kr
Ca 256 kr
Ca 247 kr
Ca 263 kr
41 720 kr
40 060 kr
43 150 kr
500 640 kr
480 720 kr
517 800 kr
Ca 259 kr
Ca 251 kr
Ca 266 kr
41 940 kr
40 610 kr
43 040 kr
503 280 kr
487 320 kr
516 480 kr
Ca 259 kr
Ca 251 kr
Ca 266 kr
42 980 kr
41 440 kr
44 240 kr
515 760 kr
497 280 kr
530 880 kr

Bedrifter

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Agder
Velg kommuner i Innlandet
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Svalbard
Velg kommuner i Troms og Finnmark
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vestfold og Telemark
Velg kommuner i Vestland
Velg kommuner i Viken

Andre yrker

To politimenn står foran en politibil.

Politi

I politi- og påtalemyndigheita finst det ei rekkje yrkesvegar.

Brannkonstabel slukker brann

Brannkonstabel

Som brannkonstabel sløkk du brannar, og driv med rednings- og tryggleiksarbeid i brannvesenet.

Mannlig vekter foran dataskjerm som overvåker butikker

Vektar

Jobben til vektaren er å skape tryggleik gjennom å førebygge ulukker og lovbrot.

Politibetjent med politihund

Politibetjent

Politibetjentar jobbar for å skapa tryggleik i samfunnet, og kan arbeida med alt frå patruljering og ordensteneste til etterforsking.

Fengselsbetjent på jobb i et fengsel.

Fengselsbetjent

Som fengselsbetjent har du ansvaret for å følge opp, rettleie og motivere menneske som sonar ei fengselsstraff.

Mann går under skilt kor det står "Kriminalomsorgen – Oslo fengsel".

Kriminolog

Kriminologar arbeider med å forstå forholdet mellom kriminalitet og samfunn.

Advokatsekretær på kontoret.

Advokat­sekretær

Ein advokat­sekretær sørger for at advokatkontoret fungerer på ein effektiv måte.

Yrkesdykker som jobber under vann

Dykkar

Ein yrkesdykkar ut­fører arbeid under vatn.

Los på losbåten.

Lós

Ein lós er ein navigatør som leier skip gjennom norske farvatn.

Politijurist i rettssak.

Politijurist

Politijuristar har leiarstillingar i politi- og påtalemyndigheitene.

Jurist i diskusjon med kollega.

Jurist

Juristar gir råd og rettleiing om juridiske problemstillingar.

Advokat på kontoret.

Advokat

Advokatar gir juridiske råd, forhandlar på vegner av klientar og fører saker for retten.