Gjennomgått i samarbeid med Samfunnsviterne 15. november 2022

Filosof

Ein filosof studerer dei mest grunnleggande spørsmåla som har med mennesket sitt tilvære å gjere.

Arbeidsoppgaver

Filosofien si oppgåver er å stille abstrakte, grunnleggande og sanningssøkande spørsmål, og freiste å finne universelle svar på desse. Filosofane kan bruke kunnskapen sin innan ulike fagområde.

Filosofi betyr kjærleik til visdom. Omgrepet kjem frå greske filosofar i antikken. Dei ville forstå og forklare verda og korleis menneske burde leve. 

Arbeidskvardagen for filosofar kan variere ein del etter kvar ein arbeider.

Vanlege arbeidsoppgåver for filosofar er:

  • Undervising og forsking: Filosofar kan vere undervisarar, vitskapleg tilsette eller ha administrative oppgåver på ein utdanningsstad. Dette kan til dømes vere sakshandsaming, utgreiingsarbeid, forsking eller rettleiing av studentar.
  • Media og informasjonsformidling: Filosofar kan arbeide med formidling, til dømes som journalistar, informasjonskonsulentar, marknadsførarar eller andre typar stillingar der redaksjonelt arbeid er viktig. Det finst òg filosofar i forlagsbransjen.
  • Offentleg administrasjon: Her kan ein arbeide med sakshandsaming, utgreiingar, analysar eller ulike typar prosjekt i regi av den offentlege forvaltinga, til dømes kommunar, direktorat eller departement.
  • Leiing og organisasjonsarbeid: Filosofar kan arbeide som leiarar av verksemder, prosjektleiarar eller anna organisasjonsarbeid, som til dømes personalleiing og HR.

Ein del filosofar arbeider òg som konsulentar i ulike bransjar, til dømes arbeider ein del filosofar som samtalepartnarar, leiarar av gruppediskusjonar og føredragshaldarar. Denne måten å bruke akademisk kunnskap innan filosofi i det daglege virket sitt blir gjerne kalla filosofisk praksis. Filosofer blir ofte tilsette med andre stillingstitlar enn "filosof".

Kor jobbar filosofar?

Mange filosofar arbeider som lærarar ved skolar og høgskolar/universitet. Andre arbeider i ulike offentlege administrasjonar eller i private verksemder som konsulentar. Filosofar arbeider òg innan leiaropplæring eller relasjonsbygging. Stadig fleire filosofar arbeider med filosofisk praksis og personleg rettleiing. Filosofar er gjerne sjølvstendig næringsdrivande.

Intervjuer

En mann i grønn genser og briller smiler mot kamera. Bak ham er det noen planter og en trapp. Bildet er tatt innendørs.

Filosof

Øyvind Kvalnes

Øyvind Kvalnes jobber som filosof på BI. Halvparten av tiden hans går til forskning og den andre til undervisning.

Viktige eigenskapar

Som filosof må du like å ta opp spørsmål som verkar vanskelege å svare eintydig på, til dømes spørsmålet om kva som er rett og gale. Du bør ha interesse for å sjå saker og sanningar frå fleire sider og for å lære ulike teoriar.

Utdanning

Dei vanlegaste jobbane blant filosofiutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 813504 - Ph.d.-program, filosofi
  • 813501 - Dr.art.-utdanning, filosofiske fag
  • 7135 - Filosofi og etikk
  • 613510 - Bachelor, filosofi og idéhistorie, treårig
  • 613913 - Bachelor, filosofi, politikk og økonomi, treårig
  • 613506 - Bachelor, filosofi, treårig
  • 6135 - Filosofi og etikk
  • 613501 - Filosofi, lavere nivå

Bedrifter som ansetter filosofar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med filosofar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2543110 - FILOSOF

Andre yrke

Advokat på kontoret.

Advokat

Advokatar gir juridiske råd, forhandlar på vegner av klientar og fører saker for retten.
Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
Arkeolog grev etter gamle boplasser i leire. Han bruker både lita skei og stor spade

Arkeolog

Arkeologar jobbar med gjenstandar og andre materielle spor frå fortidige og moderne samfunn.
Akrivar sorterer filer i arkivet.

Arkivar

Ein arkivar syter for at dokumentasjon blir bevart og gjort tilgjengeleg.
Flere mennesker med dokumenter i hånden som snakker sammen og går ned en korridor

Diplomat

Diplomatar arbeidar for å skape og halde oppe eit godt forhold mellom Noreg og landet ein er stasjonert i.
Filolog studerer en bok på et bibliotek

Filolog

Filologen studerer språk, litteratur og kultur med fokus på historie, særleg eldre tekstar på originalspråket.
Mannleg forskar dypper slangar i reagensglas.

Forskar

Forskaren arbeider systematisk og strukturert med å auke den gjeldande kunnskapen vår og å finne ny kunnskap.
Geograf foretar landmåling

Geograf

Geografar studerer korleis stad og rom utviklar seg, og korleis natur, menneske og samfunn påverkar denne utviklinga.
Historiker studerer bok.

Historikar

Historikarar jobbar med å skape forståing for og kunnskap om den historiske utviklinga til menneska og verda.
Idrettskonsulent i snølek.

Idrettskonsulent

Ein idrettskonsulent legger til rette for idrett og fysisk aktivitet i samfunnet.
Journalist intervjuer kvinne

Journalist

Journalisten samlar inn informasjon og formidlar han vidare i aviser, nettaviser, fjernsyn eller radio. Sakene omhandlar ofte nyhende eller aktuelle hendingar.
Mann går under skilt kor det står "Kriminalomsorgen – Oslo fengsel".

Kriminolog

Kriminologar arbeider med å forstå forholdet mellom kriminalitet og samfunn.