Utdanningstilbud

Viser 162 utdanninger
Tittel Studietype Sted Kravkode Førstegang Ordinær
Historie Bachelor og høgskolekandidat hivolda.no GENS Alle Alle
Human evolution and a sustainable Future Årsstudium og kortere Høgskulen i Volda
Idrett og kroppsøving Årsstudium og kortere Høgskulen i Volda GENS Alle Alle
Idrett og kroppsøving Bachelor og høgskolekandidat hivolda.no GENS Alle Alle
Innføring i blokkprogrammering Årsstudium og kortere Høgskulen i Volda
Innføring i tekstprogrammering Årsstudium og kortere Høgskulen i Volda
Innovasjon, fagutvikling og tverrfagleg samarbeid Master og høyere Høgskulen i Volda
Journalistikk Bachelor og høgskolekandidat Høgskulen i Volda GENS 47.50 50.60
Juss i barnevernsfagleg arbeid Master og høyere Høgskulen i Volda
Kommunal økonomi Årsstudium og kortere Høgskulen i Volda
Kroppsøving 1, 1. - 10. trinn Årsstudium og kortere Høgskulen i Volda
Kulturmøte Master og høyere hivolda.no
Kulturmøte Master og høyere hivolda.no
Kunst og handverk 1, 1.-10. trinn Årsstudium og kortere Høgskulen i Volda
Kunst, kultur og kreativitet i barnehagen Årsstudium og kortere Høgskulen i Volda
Ledelse i helse- og sosialtjenesten Master og høyere hivolda.no
Leiing av utviklingsarbeid i barnehagen Master og høyere Høgskulen i Volda
Leiing og personalutvikling Master og høyere hivolda.no
Læringsdesign og klasseromsleiing i teknologirike læringsmiljø Årsstudium og kortere Høgskulen i Volda
Mangfald og meistring Årsstudium og kortere Høgskulen i Volda

Om lærestedet

Vi har om lag 4600 studentar som studerer på heiltid, deltid og nett. I studiekatalogen vår finn du årsstudium, bachelor og masterstudium og etter- og vidareutdanning. Noko for alle.

Vi har ikkje store studentkull der du blir ein i mengda. Du kjem tett på flinke lærarar og ikkje minst medstudentane dine. Volda er kjent landet over for sitt nære og gode studentmiljø der studentane får seg venner for livet.

Vi har utruleg mange tilbod av smått og stort, og du treng på ingen måte vere toppturentusiast for å flytte hit – sjølv om mange er glade for kombinasjonen fjell og fag. Føretrekk du å sjå film eller spele data, delta i revy eller ha verv i studentpolitikken, arrangere festival eller sykle så fort du kan ned ein bakke, lage radio eller holde på med yoga – i Volda er det eit tilbod og eit miljø for det meste. Ikkje gløym at Volda har eit tosifra tal festivalar i året!

Det er heller ikkje feil at Volda er ein av dei aller billigaste studiestadane å bu i landet – da har du pengar til mykje anna moro.

Sjekk oss ut!