Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Dette emnet er særleg relevant for lærarar i grunnskulen som underviser i fag med programmering i læreplanen, men også andre som ønsker å inkludere programmering i undervisninga si. Studieavgift 2 000 kr
Studiet har tett fagleg oppfølging, tilbakemeldingar og diskusjonar, og gir høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid etter eige ønske.
I løpet av studiet vil du få kjennskap til grunnleggjande element innan programmering, som til døme løkker, variablar, operatorar og funkjsjonar. Du vil og lære om algoritmisk tenking og korleis eit dataprogram er bygd opp. Du vil øve på teknikkar for å lese og feilsøkje kode, og få ein stor verktøykasse med didaktiske metodar for å undervise i programmering på ein kreativ og variert måte.
Studiet har ei studieavgift på 2 000 kr i tillegg til semesteravgift.