Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30
Søknadsfrist: 1. mars

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

25. april 2024.

Om studiet

Studiet skal gi kompetanse i tverrfagleg praksis med dei estetiske faga i barnehagen. Studenten skal tileigne seg praktiske og fagspesifikke ferdigheiter, og opparbeide seg eit breitt repertoar av didaktiske metodar for arbeid med dei estetiske faga, både i sin eigenart og i eit tverrfagleg perspektiv. Studenten skal vidareutvikle kunnskapar og ferdigheiter innan fagområdet Kunst, kultur og kreativitet gjennom ei rekke praksisnære oppgåver som også skal gjennomførast på eigen arbeidsplass som erfaringsdeling med dei andre tilsette. Nokre av desse skal gjennomførast saman med kollegaer og barn i barnehagen. Det er difor eit vilkår at studentane har moglegheit til dette. Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for framtidas barnehage Utdanningsdirektoratet (UDIR).

Undervisningsopplegg

Undervisninga er nett- og samlingsbasert med to samlingar (kvar på 5 dagar) pr. semester på Høgskulen i Volda. Samlingane er lagt til veke 37 og 44 i haustsemesteret og i veke 4 og 13 i vårsemesteret. I tillegg vert det lagt opp til asynkrone nettleksjonar. Dette betyr at studenten mellom samlingane får tilgang til digitale læringsressursar, for eksempel filmar og læringsløyper, som kan nyttast på valfrie tidspunkt innanfor gitte fristar. Gjennomføring av 80% av leksjonane med tilhøyrande aktivitetar er obligatoriske. Desse aktivitetane kan til dømes vere å arbeide med fagspesifikke ferdigheiter innan forming, drama og musikk, gjennomføre tverrfaglege oppgåver i barnehagen, reflektere over eigen praksis med dei estetiske faga, eller å dele erfaringar og observasjonar frå barnehagen. Fleire arbeidskrav skal, i tillegg til eksamen, gjennomførast saman med kollegaer og barn i barnehagen. Det er difor eit vilkår at studentane har moglegheit til dette. Samlingane vil innehalde praktisk utprøving og rettleiing på varierte arbeidsmåtar og -prosessar innanfor fagområdet Kunst, kultur og kreativitet og i tverrfagleg møte med andre fagområda i Rammeplan for barnehagen. Kontakten med faglærarar og medstudentar er i hovudsak skriftleg, men vi legg opp til gruppearbeid, der mindre grupper av studentar sjølve avtaler å jobbe saman i videomøter. Det kan også vere aktuelt å gjennomføre nokre videomøter der faglærarar og studentar deltek til oppsett tid. Eventuelle tidspunkt for desse blir fastsett i samråd med studentane. Eit tverrfagleg prosjektarbeid i eigen barnehage er grunnlaget for sluttvurderinga i emnet, der studenten reflekterer over barnehagelæraren si rolle som prosjektleiar, pedagog og deltakar i estetiske prosessar med barn.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Kompetanse for framtidas barnehage. Søknadskode: 4286

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført lærarutdanning (barnehagelærar, førskulelærar eller tilsvarande).

Alle utdanninger innen