Fakta
- 46.50 (primær)
- 48.30 (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Høgskulen i Volda er kjend for å ha ei av Noregs leiande journalistutdanningar, og vi utdannar journalistar til redaksjonar over heile landet! Du får tilgang til topp moderne fasilitetar med utstyr, tilsvarande det ein finn ute i bransjen.
Kva lærer du?
Studiet gir deg ei brei innføring i journalistisk formidling og metode. Du får erfaring med ulike format, plattformer, teknikkar og teknologiar, samtidig som du kan spesialisere deg innanfor tv, radio og nettavis.
Du får god trening i journalistisk arbeid og kunnskap om journalistikk som fag. Som journalist må du vurdere idear og prioritere nyheiter. I tillegg til god allmennkunnskap, er det viktig å kjenne til media si rolle og funksjon i samfunnet, samt nyheitskriterium og nyheitskjelder. I løpet av studiet skal du kunne meistre relevante journalistiske verktøy, teknikkar, sjangrar og uttrykksformer.
Kva jobb kan eg få?
Kunnskapsrike og kreative journalistar med ei medviten haldning til yrkesrolla si er etterspurde i bransjen. Studentane ved journalistutdanninga får gode praksisplassar i ulike mediebedrifter, noko som kan gi framtidige tilsetjingar.
Opptakskrav
Opptaksinformasjon
Utveksling
Studentane kan ta delar av journalistikkutdanninga i utlandet. Vi vil mellom anna rå til utveksling til våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Belgia, Danmark, Irland, Storbritannia eller Tyskland. Det er også mogleg å ha studieopphald på dei andre nordiske journalistutdanningane.