Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.
Om studiet
Studiet skal gi deg kunnskap om juridisk metode og dei sentrale rettskjeldene i barnevernretten, mellom anna den europeiske menneskerettskonvensjonen og barnekonvensjonen.
Andre sentrale tema er forsvarleg sakshandsaming, rettslege problemstillingar, vilkår for bruk av tvang og tilhøvet mellom barnelov og barnevernslov.
Emnet er valfritt inn i Master i barnevernsarbeid (deltid), men er også eit frittståande emne, med pensum som i liten grad overlappar med jusspensum i dei obligatoriske emna i masteren. Meir informasjon om innhald i emne finn du i emneplanen, her.
Om du ønskjer å søkje opptak til Master i barnevernsarbeid kan du lese meir om graden her.
Vidareutdanninga er eit valfritt emne i Master i barnevernsarbeid, og vil kunne godskrivast denne graden.
Masterutdanninga er orientert mot, og relevant for, arbeid i ulike deler av barnevernsfeltet, og kvalifiserer til stillingar i kommunalt og statleg barnevern, der det frå 2031 er krav om masterutdanning til visse funksjonar/oppgåver.