Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
17. november 2023.


Om studiet
Med utgangspunkt i faga historie og religion er Master i kulturmøte eit studium om møte mellom kulturar: regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Reiseverksemd, migrasjon og nye kommunikasjonsteknologiar fører menneske frå ulike kulturar i tettare kontakt med kvarandre. Denne utviklinga skaper behov for å forstå kulturmøte både i eit historisk perspektiv og i notida. Vil du bruke masterutdanninga i skulen, kan du byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
Programmet er bygd opp av fire kulturhistoriske emne, kvart på 15 studiepoeng, og ei mastergradsoppgåve på 60 studiepoeng. Det vil kvart år bli gitt tilbod til studentane om å skrive masteroppgåve innanfor prosjekt som programansvarleg tilbyr. Obligatoriske emne: Nasjon, kultur og religion Vitenskapsteori og metode inkl. prosjektomtale/oppgåvedisposisjon Masteroppgåve i Kulturmøte Valbare emne: Brennpunkt Midtausten Sekularitet og skule i møte med religiøs pluralitet. Migrasjon, kjønn og religion Mikrohistorie Religionskrig i Europa og Midtøsten 1095-1923 Det vert vektlagt å gi studentane kompetanse til å leie arbeid med kulturell integrering, og kunne planleggje og gjennomføre FOU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre.
Undervisningsopplegg
I studiet vert det nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving. Når det gjeld den teoretiske delen, vil eitt obligatoriske emne (Nasjon, kultur og religion) gå i haustsemesteret og det andre (Vitskapsteori og metode) gå i vårsemesteret. I dei to obligatoriske emna er undervisninga obligatorisk. Kvart semester tilbyr vi to valfrie emne. Oppgåvedelen av studiet gjennomfører studenten i samråd med rettleiaren. Det er viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Opptaksinformasjon
Søknadstype: Stengt for søking. Søknadskode: 4360
Anbefalt forhåndskunnskap
Bachelorgrad eller tilsvarande i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng, derav 20 stp. fordjuping i det same faget. Allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning med fagval i historie/RLE/samfunnsfag og minimum 20 studiepoeng fordjuping i det same faget. Tilsvarande kompetanse innanfor humaniora eller samfunnsvitskap etter særskild vurdering. Det er krav om karaktersnitt C eller betre i graden.
Utveksling
Det vil bli lagt til rette for utanlandsopphald på eitt til to semester ved samarbeidsinstitusjonar i utlandet, til dømes ved University of Limerick i Irland eller ulike spanske og skotske universitet.