Friluftsliv i samarbeid med Røde Kors og Sirkus får du berre på Fjordane! Størst på hest: Allsidig hestesport. Naturglede med Friluftsliv All-inclusive. Vikingliv med eige langhus, Musikal med inspirasjon frå West End. For dei kreative: Saum og strikk og Kunst/foto/glas/reise. Tilrettelagt Bu og fritid. skapdittbesteår
Fjordane er ein skule der du får gjere mykje av det du likar best. Hos oss får du linjefag fem dagar i veka, i tillegg til mange spennande valfag og fordjupningsfag på ettermiddag og kveld.
På Fjordane er du ein viktig bidragsytar til fellesskapet på linja, men du er betyr også noko for heile Fjordane-familien, uansett linjeval, interesser og føresetnader.
Skulen vår tar berekraft på alvor, og som Miljøfyrtårn jobbar vi kontinuerleg med å redusere klima- og miljøutsleppa våre. Fellesturane går til reisemål i nærområdet og vi gler oss til å vise deg det beste Vestlandet har å by på av spektakulære naturopplevingar.
Fjordane ligg i sentrum av Nordfjordeid, midt i den vakre regionen Nordfjord og det er gangavstand til alt du treng: Butikkar, symjehall, kino, kulturhus, treningssenter og kafear er ein liten spasertur unna paviljongen du bur på. Det er også kort veg til Norsk Fjordhestsenter der mykje av undervisninga på hestelinjene skjer.
Fjordane folkehøgskule sine kjenneteikn er:
- Høg kvalitet på alle linjene
- Dyktige og engasjerte lærarar
- Flott skuleanlegg med eit spesielt preg, i hjartet av Nordfjord
- Elevane bur i små hus, paviljongar, med plass til ti personar
- Aula med plass til 350 personar der det er scene, kinolerret og lydanlegg
- Eige kinorom/spelerom, treningsrom, utandørs badestamp, bordtennnis- og biljardbord, speilsal, syrom og utandørs volleyballbaner
- Koseleg og sosial peisestove
- Romslege og godt utstyrte klasserom
- Vikingtun med langhus
- Internett på heile skuleområdet
Utdanningstilbud
Tittel Sorter stigende | Interesser |
---|---|
Vikingliv | Kampsport/kampkunst, Håndverksteknikker, Friluftsliv |
Ride- og køyresport | Friluftsliv, idrett og sport |
Musikal West End | Scenografi, kostyme, teatersminke, Vokal, kor, opera, Musikk, scene og teater, Dans |
Movement X - Modern Circus, vår 2024 | Styrke, Trening og kosthold, Musikk, scene og teater, Idrett |
Movement X - Modern Circus | Kultur, Scenografi, kostyme, teatersminke, Musikk, scene og teater, Teater, drama, revy, musikal |
Kunst - Foto - Glas - Reise, vår 2024 | Bærekraft, økologi, miljøvern, Mote, søm og design, Kunst, tegning, maling |
Kunst - Foto - Glas - Reise | Bærekraft, økologi, miljøvern, Kunst og håndverk, Europa |
Kreativ saum og strikk | Bærekraft, økologi, miljøvern, Mote, søm og design, Kunst og håndverk |
Friluftsliv i samarbeid med Røde Kors | Friluftsliv, idrett og sport, Redning, beredskap, Ledertrening, Friluftsliv |
Friluftsliv All-inclusive | Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Klatring |
Bu og fritid | Botrening, Tilrettelagte tilbud og botrening, Tilrettelagt undervisning |
Allsidig hestesport, vår 2024 | Dyrehold, Hest, Friluftsliv, idrett og sport, Friluftsliv |
Allsidig hestesport | Dyrehold, Friluftsliv, idrett og sport, Friluftsliv |
2. Års hestesport | Friluftsliv, idrett og sport |