Nøkkelinformasjon

Om studiet

Maleri, teikning, linotrykk, leire og dreiing, glasfusing, sying og eksperimentering! Opplevingar, inntrykk og uttrykk. Inspirasjonsturar på Vestlandet, og ei utanlandsreise med tog

Vi arbeider med ulike tema frå veke til veke gjennom året. I keramikkrommet, i teikne- og malesalen, på trykkpressa, på glasrommet eller i syrommet med redesign.

Vi er opptekne av bærekraftig produksjon og forbruk. Ein naturleg konsekvens av dette er å jobbe med gjenbruk og berekraftig materialer.

Halvtårslinja blir integrert som ein del av heilårslinja med same namn.

Kvifor velje Fjordane

  • Keramikk med dreiing, moddelering og glasering
  • Akrylmaleri, teikning, linotrykk og mixed media
  • Glassfusing til skåler, smykker, motiv eller dekor
  • Redesigne eller sy nytt etter mønster
  • Utforsking og eksperimentering
  • Opne arbeidsrom på kveldane
  • Skreddarsy din timeplan med ulike valfag
  • Ein skuledag fylt med praktisk arbeid, utfordringar, skaparglede og fellesskap

Det er praktiske introduksjonar i alle tema, så du treng ingen forkunnskapar. Har du erfaring får du anledning til å vidareutvikle deg, og får tid til sjølvstendige prosjekt, der du kan arbeide meir med det du likar best.

Til våren set vi opp ei utstilling, og du reiser heim med ulike utprøvningar, kunstverk og produkt du har laga vår semesteret.

Utanlandsturen med linja blir ei kunst-, kultur- og opplevingsreise med tog gjennom Europa. Vi har fokus på å vere miljøvennlege i reisemåte, samstundes som vi vil at du skal få oppleve mest mogleg

Vi reiser vi på kunstnarbesøk, utstilling, korte og lengre turar, både på linja og med resten av skulen.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.