Nøkkelinformasjon

Om studiet

Tren hardt, bli sterkare, fleksibel, meir teknisk, lær deg en flikk-flakk, bli sterkare på scenen. MOVEMENT X er ei fysisk og allsidig nysirkuslinje, der du får utfordra deg på mange plan.

Movement X - den einaste nysirkuslinja i Norge! Likar du til dømes parcour, turn og  dansing? Synest du det er spennande å utvikle kroppskontroll, balanse og mobilitet? Vår erfaring er at elevar som ikkje har drive med dette før, blir like fascinerte og "hekta" som dei som er meir erfarne før dei kjem til Fjordane.

Kombinasjonen av å vere i god fysisk form og det å meistre ulike sirkusdisiplinar, blir ein stor inspirasjon som ein tek med seg vidare i livet (school for life). Moderne sirkus på Fjordane er den einaste staden i Norge der ein kan drive med sirkus på heiltid - utan eksamen!

Springbrett til vidare studier i utlandet

Kvart år er det nokre elevar som går vidare med utdanninga si på sirkushøgskular i utlandet. Andre hoppar rett ut i arbeid med sirkus i ei eller anna form, og for mange blir sirkus ein spenstig hobby som dei tek med seg vidare i livet.

Utanlandstur til Europa

Kvart år reiser linja på eit spennande studiebesøk til ein sirkusskule i utlandet. Det varierar litt frå år til år kva turen går. Turen varer 7-10 dagar der vi hovudsakleg reiser med tog.

Annleis og inspirerande

Tør du å ta sjansen på å utfordre deg sjølv i å prøve ut og lære nye ferdigheiter, likar du å bruke kroppen din og samtidig presse deg sjølv litt ut i det ukjente? Søk på Movement X no!

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.