Nøkkelinformasjon

Om studiet

Drøymer du om ein kvardag fylt med hest eit halvt år? Om du er konkurranserytter, turrytter eller berre har lyst til å lære alt om hest, er du velkomen til Fjordane! Ta med, eller lån hest frå oss.

Gle deg til ein variert og innhaldsrik kvardag i hestebygda Nordfjordeid, saman med mange andre som elskar hest!  

Sjølv om du ikkje er med oss frå hausten, er linja full av andre med same interesse som deg og du vil bli tatt varmt imot av både lærarar og medelevar. Halvtårskurset blir integrert som ein del av heilårslinja med same namn. 

Likar du å oppleve spenning, bli utfordra på eige ferdigheitar og klare nye ting? Lærarane på linja er rutinerte og godt utdanna hestefagfolk og gir deg undervisning på nettopp ditt nivå i sprang, dressur og køyring. Vi har autoriserte ridelærarar og køyreinstruktørar, ein hovslagar og  kuskesensorar. Lærarane våre har brei erfaring gjennom arbeid med hest, både på og utanfor konkurransebana. 

Vi ønsker å gi deg meir av det du brenn for. Ein laurdag kvar månad er sett av til linjefag. Vi fordjupar oss i laushopping, snørekøyring og vi har skulekonkurransar i dressur og sprang. Vi lagar naturridebane og utfører agility med hest og utfordrar oss i prosjektfaget.

Har du til dømes lyst til å styre hesten med ein «halsring»? Søk hos oss da vel!

Fyrste helga i mai blir den årlege hingsteutstilling for fjordhest arrangert på Nordfjordeid som tiltrekk hestefolk frå både inn- og utland. Her kan du få med deg flotte hestar, mønstring, testridning/køyring og mykje meir.

Satsar du på å delta på NM Fjordhest? Hos oss kan du og hesten din spisse formen fram mot NM. Vi har brei kompetanse og erfaring på å få ekvipasjar klare for Fjordhest NM.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.