Nøkkelinformasjon

Om studiet

Er du glad i å stå på scena? Jobbe kreativt og vere i fysisk aktivitet samtidig? Kanskje du ser ei framtid med vidareutdanning innan utøvande scenekunst, sirkus eller dans? Dette er linja for deg!


Movement X - den einaste nysirkuslinja i Norge!

Movement X er linja for deg som er interessert i alt av scenekunst som akrobatikk, dans og drama, og du får fordjupa deg i ulike sirkusdisiplinar som handståande, sjonglering og trampoline, i tillegg til luftakrobatikk som trapes, ring/lyra, tau, tissue og Chinese pole.

Movement X er for deg som elskar å uttrykke deg fysisk. Dersom du har bakgrunn frå fysisk bevegelse som dans, musikal, turn, parkour eller stuping; sirkus kan bli din nye lidenskap! Sirkus krev motivasjon, samarbeid, innleving og lyst til å stå på scena.

Springbrett til vidare studier i utlandet

Kvart år er det nokre elevar som går vidare med utdanninga si på sirkushøgskular i utlandet. Andre hoppar rett ut i arbeid med sirkus i ei eller anna form, og for mange blir sirkus ein spenstig hobby som dei tek med seg vidare i livet.

Utanlandstur til Europa

Vi reiser på interrail gjennom Europa, der vi sjå vakre byar og oppleve sirkuskultur på sitt beste. Vi legg også turen innom ein eller fleire sirkusskular. Turen varer i 7-10 dagar.

Annleis og inspirerande

Tør du å ta sjansen på å utfordre deg sjølv i å prøve ut og lære nye ferdigheiter, likar du å bruke kroppen din og samtidig presse deg sjølv litt ut i det ukjente? Velkomen som søkar til Movement X - Modern Circus!

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.