Gjennomgått i samarbeid med Norsk Onkologisk Forening 08. april 2019

Onkolog

Som onkolog er du en lege som behandlar pasientar med kreft.

Arbeidsoppgaver

Ein onkolog er ein lege som har spesialisert seg på det medisinske fagfeltet onkologi, som er læra om svulstar.

Fagfeltet handlar i hovudsak om studiar og behandling av kreft, og onkologen kallast også kreftlege.

Den viktigaste oppgåva til onkologen er å diagnostisere kreft, og deretter planlegge og gjennomføre behandlinga av pasientane i samarbeid med ei rekke spesialistar i indremedisinkirurgiradiologinukleærmedisin og andre spesialistar.

Dei fleste kreftpasientar blir ikkje behandla på onkologiske avdelingar, men i samarbeid med desse. Onkologar har derfor ei svært viktig oppgåve når det gjeld planlegging av behandlingsopplegg og organisering av omsorg for kreftpasientar i heile landet.

Spesialistutdanning som onkolog gir deg god kompetanse innanfor strålefysikk og strålebiologi, hematologi, tumorbiologi og smertebehandling. 

Kor jobbar onkologar?

Dei fleste onkologer jobbar på sjukehus. Nokre få er tilsette i private føretak, medan andre jobbar som forskarar ved helseføretak, universitet og høgskular eller i privat legemiddelindustri.

Korleis er det å jobbe som onkolog?

En mann i hvit arbeidsskjorte smiler mot kamera. Han har runde briller og kort, brunt hår. Bakgrunnen er en hvit vegg.

Onkolog

Morten Bruun Jacobsen

– Det er veldig meningsfullt å hjelpe andre, og jeg føler at jeg kan gjøre en forskjell for pasienten, sier onkolog Morten.

Viktige egenskaper for en onkolog

Som lege må du vere interessert i å hjelpe menneske og ha evna til å sjå kvar pasient som eit individ. Du må ha gode kommunikasjonsevner. Når du jobbar som onkolog er dette spesielt viktig, sidan du ofte møter menneske i personleg krise. Du må ha god vurderingsevne, ha evne til å handle raskt og takle eventuelle krisesituasjonar.

 

Kva tener onkologar?

Korleis utdannar du deg til onkolog?

Legespesialiseringa begynner etter at du er ferdig med medisinstudiet og har fått autorisasjon som lege. I praksis vil alle nyutdanna legar fortsette i eit spesialiseringsløp. Spesialiseringa varer i seks og eit halvt år. Den første delen er felles for alle spesialitetane og varer i halvtanna år. Den består av eitt års praksis på eit sjukehus og eit halvt års praksis i ein kommune.

De neste fem åra er spesialisering innan retninga du har valt. De fleste finn ut kva slags spesialist de vil bli når de går på medisinstudiet, og mange bytter også spesialisering undervegs i spesialistutdanningen. Spesialistutdanninga går føre seg mens du jobbar som lege.

Bedrifter: Kor jobbar onkologar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med onkologar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2221113 - ONKOLOG

Andre yrke

Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Patolog titter inn i mikroskop.

Patolog

Ein patolog er ein lege som undersøker vev og/eller celler for å sjå etter sjukelege forandringar.
Mikrobiolog i laboratoriet

Mikrobiolog

Mikrobiologar studerer éin- og fåcella organismar slik som bakteriar, sopp, virus og amøbar.
Leger ser på røntgenbilde.

Radiolog

Ein radiolog er ein lege som har spesialisert seg på arbeid med røntgen, CT, MR og ultralyd.
En dame med mørkt hår og briller, ikledd blå t-skjorte smiler til en ung jente med grå genser og brunt hår. Det er tegninger på veggen i bakgrunnen.

Lege

Som lege stiller du diagnose og behandlar sjukdommar og skader hos menneske
En kardiolog lytter med et stetoskop på hjertet til en jente

Kardiolog

Ein kardiolog er ein lege med spesialisering i hjartesjukdommar.
Kjeveortoped

Kjeveortoped

Ein kjeveortoped er ein tannlege som har spesialisert seg på å behandla feil i tannstilling og bit.
Klinisk ernæringsfysiolog i dialog med klient.

Klinisk ernæringsfysiolog

Ein klinisk ernæringsfysiolog har god kunnskap om korleis kosthald påverkar helse. Dei bruker denne kunnskapen til å førebyggja og behandla sjukdom knytt til ernæring.
En perfusjonist følger med på en maskin under en hjerteoperasjon

Perfusjonist

Som perfusjonist handterer du hjarte- og lungemaskin i tillegg til andre maskinar under operasjonar.
Kirurger

Kirurg

Ein kirurg er ein lege som opererer pasientar, i tillegg til anna behandlinga.
Radiograf og CT-maskin.

Radiograf

Radiografen tek bilete som blir brukte til å stille diagnosar eller som grunnlag for stråleterapi.
Nevrolog

Nevrolog

Som nevrolog er du lege med spesialisering på sjukdommar i nervesystemet.