Gjennomgått i samarbeid med Nasjonalt fagråd for maritime fagskoler 13. desember 2023

Maskinsjef

Som maskinsjef er du teknisk sjef om bord på eit skip eller flyttbar rigg.

Arbeidsoppgaver

Ein maskinsjef er sjef for teknisk personell som for eksempel maskinistar og elektrikarar. Maskinsjefen har ofte hovudansvar for sikkerheita i maskinrommet.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein maskinsjef:

  • ansvar for vedlikehald og drift av maskiner og andre tekniske installasjonar om bord
  • sikre at skipets straumforsyning, motor og lensepumper fungerer som det skal
  • førebu og lede arbeidet når skipet er på verkstad

Maskinsjefen jobbar tett saman med maskinisten i maskinrommet.

Alle som skal jobbe på skip, og andre flyttbare innretningar til havs, må ha ein helseerklæring som viser at du kan jobbe om bord på et skip. Da skal ein sjømannslege sjekke blant anna syn, høyrsel, din fysiske funksjonsevne. Dette gjeld også lærlingar som skal jobbe om bord.

Kor jobbar maskinsjefar?

Maskinsjefen jobbar om bord på skip eller flyttbare riggar. Med maskinoffisersertifikatet kan du jobbe over hele verda på skip eller flyttbare riggar med framdriftsmaskineri over 750 kw. Maskinsjefen kan også jobbe på land innan for eksempel reiarlag, teknisk drift, maritime bedrifter og offentleg sjøforvaltning.

Bli med ein maskinsjef på jobb

Korleis er det å jobbe som maskinsjef?

En mann i oransje arbeidsklær, blå hjelm og grønne hørselvern. Han er ute.

Maskinsjef

Anders Johnsen

Hvis det er noen som slurver unna, så blir det ekstra arbeid på de andre, så alle må ta sitt ansvar, og det er veldig fint, forteller maskinsjef Anders.

Viktige egenskaper for en maskinsjef

For å jobbe som maskinsjef bør du vere glad i mekanikk og teknikk, og du bør trivst som leder. I tillegg bør du vere nøyaktig, sosial og ha gode samarbeidsevner. Du må også tole å vere borte frå familie og venner i periodar.

Kva tener maskinsjefar?

Korleis utdannar du deg til maskinsjef?

Du kan velje enten yrkesfagleg utdanning eller universitetsutdanning for å bli maskinsjef.

Yrkesfagleg utdanning:

På vidaregåande kan du ta fagbrev i motormannsfaget, og deretter ta ein toårig grad som maskinoffiser ved ein fagskole eller ved universitet.

Etter utdanninga må du ha til saman seks månaders fartstid som kadett og ta nødvendige sertifikat for å bli maskinoffiser klasse 4 (2. maskinist). For å få sertifikat klasse M² (1. maskinist) må du ha eitt års faktisk tid om bord i teneste. For å få klasse M1 (maskinsjef) må du ha eitt års faktisk teneste om bord som M².

Det er også mogleg å ta fagskole etter fagbrev i forsvaret. Forsvaret tilbyr læretid med førstegongstenesta i motormannfaget.

Universitetsutdanning:

Du kan også ta ein bachelor i marinteknisk drift utan fagbrev i motormannfaget. Universitetet i Sørøst-Noreg er einaste tilbyder av ein universitetsutdanning som gir deg grunnlag for å bli maskinsjef.

Etter enda høgskoleutdanning, må du reise ut som kadett og ta nødvendige sertifikat. Du må ha minimum 36 månaders effektiv seglingstid etter enda utdanning for å få sertifikatene.

 

Kva for ei utdanning er vanlegast for maskinsjefar?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023.

Kva jobbar skipsmaskinutdanna med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023. Forklaring til statistikken
  • 655214 - Bachelor, marinteknisk drift, treårig
  • 455231 - Skipsmotormekanikerfaget, Vg3
  • 555217 - Fagskoleutdanning, maskinoffiser på ledelsesnivå
  • 555220 - Fagskoleutdanning, maskinoffiser på ledelsesnivå, toårig
  • 555218 - Fagskoleutdanning, maskinoffiser på operativt nivå
  • 555225 - Fagskoleutdanning, maskinoffiser på operativt nivå, ettårig
  • 555213 - Fagskoleutdanning, skipsteknisk drift
  • 455224 - Maritime maskinistfag, videregående, avsluttende utdanning

Bedrifter: Kor jobbar maskinsjefar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med maskinsjefar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3141113 - MASKINSJEF (SKIP)
  • 3141114 - INSPEKTØR (SKIP)
  • 1225151 - SKIPSTEKNISK SJEF
  • 3152103 - FARTØYINSPEKTØR

Andre yrke

Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
Automatiker i arbeid.

Automatikar

Ein automatikar monterer og held ved like automatiserte system.
To menn på fisketråler, trålen er satt

Bas/Nettmann

Ein bas/nettmann er arbeidsleiar på dekk på fiskefartøy.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.
Bilmekaniker jobber med motor til trailer

Bilmekanikar (tunge køyretøy)

Ein bilmekanikar for tunge køyretøy arbeider med lastebilar, varebilar, bussar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.
Bilskadereperatør pusser lakk på bil

Bilskadereparatør

Ein bilskadereparatør rettar opp skadar i karosseriet på skadde køyretøy.
Havbunnsinstallatør jobbar med stor hydraulisk installasjon

Brønnoperatør havbotnsinstallasjonar

Ein brønnoperatør i havbotnsinstallasjonar installerer og betener undervassutstyr.
Brønnoperatør jobber offshore

Brønnoperatør komplettering

Ein brønnoperatør i komplettering monterer, testar, installerer, held ved like og reparerer komponentar til brønnkomplettering.
Båtbygger jobber på båt.

Båtbyggar

Båtbyggarar produserer, reparerer og held ved like båtar.
CNC-operatør jobber ved ei CNC-maskin

CNC-operatør

CNC-operatøren brukar datamaskiner til å styre mekaniske maskiner og lage komplekse delar i metall eller andre materialar.
Flere mennesker med dokumenter i hånden som snakker sammen og går ned en korridor

Diplomat

Diplomatar arbeidar for å skape og halde oppe eit godt forhold mellom Noreg og landet ein er stasjonert i.