Bilete
Teknisk forfattar

Yrkesbeskrivelse

Teknisk forfattar

Tekniske forfattarar utarbeider bruksrettleiingar, handbøker, installasjonsrettleiing, katalogar og tekniske rapportar.

Ein teknisk forfattar, også kalla dokumentar eller informasjonsutviklar, jobbar med å gjere vitskapeleg og teknisk informasjon forståeleg.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein teknisk forfattar:

  • skrive og utarbeide brukarrettleiingar, handbøker, katalogar, instruksjonsbøker, videoproduksjonar, nettbaserte hjelpefiler og kursmateriale
  • omsette eksisterande materiale
  • korrekturlese arbeid
  • teste programvare
  • halde ved like lister over fagterminologi
  • planlegge og redigere tekniske rapportar, og legg til rette for bruk av illustrasjonar, bilete og andre nødvendige element

Målet er å presentere vanskeleg og avansert informasjon på ein enkel og lettfatteleg måte. Både ekspertar innanfor dei ulike fagområda og personar med liten førehandskunnskap skal kunne lese og forstå informasjonen.

Tekniske forfattarar kan jobbe innanfor ei rekke forskjellige felt. Mange produksjonsbedrifter har behov for tekniske forfattarar til å lage bruksrettleiingar for til dømes hyller, senger og liknande. Andre tekniske forfattarar kan til dømes jobbe med å lage brukarmanualar for IT-programvare. I alle høve er det viktig med nøyaktigheit og forståing for brukarbehova.

Med stadig utvikling av ny teknologi og nye produkt er behovet for tekniske forfattarar stort. Det er få bedrifter som har eigne tekniske forfattarar. Mange produksjonsbedrifter vel å leie dei inn, enten frilansarar eller frå firma som tilbyr denne tenesta.

Hvor jobber tekniske forfattarar ?

Tekniske forfattarar jobbar enten i verksemder som leverer fysiske produkt eller programvare, eller i verksemder som sel dokumentasjonstenester. Du kan arbeide på eige kontor, eller på arbeidsplassen til dei du skal dokumentere for. Ofte arbeider du i samarbeid med eit team. Det er også mogeleg å arbeide som frilansar.

Personlige egenskaper

Som teknisk forfattar må du vere i stand til å legge fram informasjon på ein presis og logisk måte. Nysgjerrigheit, kreativitet og generelt god allmennkunnskap kjem godt med. Du bør ha høg kompetanse innanfor det fagområde du skriv om, eller eventuelt god evne til å sette deg inn i nye fagområde. Det er viktig å ha god evne til å formidle informasjon på ein lettfatteleg måte.

Du bør også like å arbeide saman med andre, sidan mykje av jobben består av å samle informasjon frå fagekspertar.

Den tekniske dokumentasjonen blir ofte skriven på engelsk. Du bør difor vere god i engelsk og ha god digital innsikt.

Utdanning

Det finst inga utdanning innan teknisk kommunikasjon i Noreg. Mange andre land tilbyr derimot denne utdanninga.

I Noreg kan det vere verdt å vurdere ei utdanning innanfor til dømes kommunikasjon, journalistikk eller språk. Det er også svært viktig å ha høg kompetanse innan spesialfelt, noko du får ved å ta ei fag innan ingeniørfag eller IT. Mange tekniske forfattarar har utdanning innan enten kommunikasjon eller ingeniørfag, attpå ei stor interesse for, eller også utdanning i, det andre faget.

Etter- og vidareutdanning
Ei kvar form for kompetanseutvikling er nyttig for tekniske forfattarar. Kurs og tilbod om vidareutdanning kan derfor vere av interesse. 

Bedrifter

Teknisk forfattar i hele landet
Hele landet

Her finner du en oversikt over bedrifter som har stillinger i dette yrket eller lignende yrker. Dette kan være nyttig for den som leter etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplasser. Oversikten kan også være nyttig for skoler som vil finne bedrifter de kan samarbeide med.

Vigo

Informasjon om løpende lærekontrakter og godkjente lærebedrifter hentes fylkesvis fra Vigo. Alle landets fylker har inngått en driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert våre nettsider.

Vi henter nye data fra Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlinger og lærebedrifter hver natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi fra Nav sitt Arbeidsgiver- og arbeidstakerregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivere plikter å registrere sine ansatte i Aa-registeret, blant annet med riktig stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitler (STYRK-koder) å velge mellom. Noen yrker har mange detaljerte og dels overlappende underkategorier, eksempelvis rørleggere, og andre yrker mangler en egen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil forekomme noen unøyaktigheter og feilregistreringer.

Vi har knyttet flest mulig av Nav sine 9000 stillingstitler opp mot 600 yrkesbeskrivelser på Utdanning.no. Dette er en manuell prosess og feil kan forekomme. Vi jobber kontinuerlig med å kvalitetssikre disse koblingene og tar gjerne imot innspill.

Noen stillingstitler fra Aa-registeret er koblet til mer enn én yrkesbeskrivelse. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er for eksempel knyttet opp mot yrkene "Møbelsnekker", "Trevaresnekker" og "Industrisnekker". Om en legger sammen stillingstall for disse enkeltyrkene vil det samlede stillingstallet bli for høyt.

Vi innhenter nye data fra Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgenen den 13. i hver måned.

  • 3491129 - TEKNISK FORFATTER

Sist kvalitetsikret den 07. september 2020, av Teknisk kommunikasjon