Massasjeterapeut
Ein massasjeterapeut løyser opp og førebygger spenningar i muskulaturen til klientar.
Arbeidsoppgaver
Alternativ behandling, som massasjeterapi, er eit omstridt tema. Det er ingen formelle krav til utdanningsbakgrunn. Kven som helst kan kalle seg ein massasjeterapeut fordi det ikkje er ein verna tittel. Det vil seie at sjølv om du har utdanning innan massasjeterapi, har du ikkje den same kompetansen, dei formelle kvalifikasjonane og det same ansvaret som autoriserte helsepersonell har.
Ein massasjeterapeut meiner stryking og trykk kan løyse opp spenningar eller ubalansar i kroppen til klienten. Dei prøver å lindre smerte og betre funksjonen til kroppen ved å bruke hendene til å behandle hud, bindevev og muskulatur.
Massasjen skal stimulere og betre blodomløpet, betre lymfedreneringa, redusere stresshormon, auke velværehormon og stimulere nervesystemet. Mange oppsøkjer massasjeterapeutar berre for å auke si eige velvære.
Korleis utdannar du deg til massasjeterapeut?
Det er ingen krav til utdanning for å kalle seg massasjeterapeut. Det finst likevel utdanningstilbod innan massasje.
Grunnutdanninga for massør og massasjeterapeut er lik. Skilnaden mellom ein massør og ein massasjeterapeut er at ein massasjeterapeut MNMF i tillegg har utdanning i medisinske fag og behandlingsmetodar. Medlemmar av Norsk Massasjeforbund kan kalle seg MNMF massør og MNMF massasjeterapeut avhengig av kva for kompetanse dei har.
Sjå oversikt over utdanningar som gir rett til medlemskap i Noregs Massasjeforbund (NMF)
Bedrifter: Kor jobbar massasjeterapeutar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med massasjeterapeutar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 5141117 - MASSØR