Fotballspelar
Arbeidsoppgaver
Dei fleste som speler fotball i Noreg gjer det på breiddenivå, der fotballen først og fremst handlar om fellesskap, trivsel og fysisk aktivitet. Spelarar her har ofte anna arbeid eller skule ved sida av, og får som regel ikkje lønn.
På toppnivå speler profesjonelle fotballspelarar i eliteserien, toppserien og landslaga, der yrket er heiltidsjobb og hovudinntektskjelde. Overgangen frå breidde- til toppfotball krev høg kvalitet, målretta trening og stor konkurranseerfaring.
Ein profesjonell fotballspelar speler fotball for ein idrettsklubb, og er gjerne ein del av ein spelartropp på 20 til 25 spelarar. Avhengig av kva klubb du speler for, kan det også vera mykje reising i samband med jobben.
Ein profesjonell fotballspelar har mange ulike oppgåver i løpet av ei veke, både på og utanfor banen. Arbeidet krev fysisk styrke, godt samarbeid og evne til å handtera press.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein fotballspelar:
- delta på treningane til laget, som ofte går tre føre seg til fem gonger i veka
- spela kampar i helgar eller midtveke
- gjennomføra tekniske og fysiske økter for å forbetra ferdigheiter og uthald
- følgja treningsprogram for styrke, kondisjon og restitusjon
- delta i videoanalysar for å evaluera eigne prestasjonar og førebu seg på motstandarar
- samarbeide med fysioterapeut, trenar og medisinsk støtteapparat for å førebyggja og behandla skadar
- jobba med mental førebuing før kampar og handtera prestasjonspress
- delta i sponsoraktivitetar, mediearbeid eller arrangement i regi av klubben
Dei aller fleste fotballspelarane er ikkje profesjonelle og tener ikkje pengar på å spela fotball.
Kor jobbar fotballspelarar?
Ein fotballspelar er tilsett i ein fotballklubb, eit idrettslag eller liknande.
Bli med ein fotballspelar på jobb
Korleis er det å jobbe som fotballspelar?
Fotballspiller
Johannes Hummelvoll-Nuñez
Fotballspiller
Ruben Yttergård Jenssen
Fotballspiller
Hanna Dahl
Viktige egenskaper for en fotballspelar
For å få kontrakt som fotballspelar må du vera flink til å spela fotball. Det er viktig med gode haldningar og ei seriøs tilnærming til fotballen. Du må ha pågangsmot og treningsvilje.
Kva tener fotballspelarar?
Korleis utdannar du deg til fotballspelar?
Ein krev inga formell utdanning for å bli fotballspelar. Det er likevel mange som vel å ta utdanning som let seg kombinere med å drive toppidrett, til dømes ved å velje idrett i vidaregåande opplæring.
Etter- og vidareutdanning
Etter fotballkarrieren vel ein del å arbeide i andre roller innan fotballen, til dømes som fotballtrenar.
Kva for ei utdanning er vanlegast for fotballspelarar?
Kva jobbar idrettsfagutdanna med?
- 468199 - Idrettsfag, uspesifiserte, videregående, avsluttende utdanning
- 468101 - Idrettsfag, Vg3
Bedrifter: Kor jobbar fotballspelarar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med fotballspelarar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 3475126 - FOTBALLSPILLER
Andre yrke
Dansar
Fotballtrenar
Idrettskonsulent
Idrettstrenar