Gjennomgått i samarbeid med Norges toppidrettsgymnas 02. mai 2022

Fotballspelar

Som profesjonell fotballspelar er du tilsett i ein klubb, og arbeider som fotballspelar på heiltid.

Arbeidsoppgaver

Ein profesjonell fotballspelar spelar fotball for ein idrettsklubb, og er gjerne del av ein spelartropp på 20 til 25 spelarar. Arbeidskvardagen omfattar trening, kampar og restitusjon. Det kan òg vere mykje reising i samband med jobben, avhengig av kva klubb du spelar for. 

Ein del fotballspelarar har kontraktfesta at dei skal stille opp på arrangement i regi av klubben, til dømes sponsorarrangement, fotballskule for born og liknande.

Dei aller fleste fotballspelarar er ikkje profesjonelle og tener ikkje pengar på å spele fotball.

Kor jobbar fotballspelarar?

Ein fotballspelar er tilsett i ein fotballklubb, eit idrettslag eller liknande.

Intervjuer

Fotballspiller Hanna Dahl er avbildet ute, foran et skilt med Avaldsnes IL på. Hun er iført rød fotballtrøye med sponsorlogoer på, og smiler mot kamera. Hun har langt lyst hår satt opp i hestehale.

Fotballspiller

Hanna Dahl

Forbildet var David Beckham, det var ikke så mange kvinnelige forbilder for noen år siden. Heldigvis har det endret seg, forteller fotballspiller Hanna Dahl.

Viktige eigenskapar

For å få kontrakt som  fotballspelar må du vere flink til å spele fotball. Du treng gode haldningar og ei seriøs tilnærming til sporten, i tillegg til pågangsmot og treningsvilje. 

Lønn

Utdanning

Ein krev inga formell utdanning for å bli fotballspelar. Det er likevel mange som vel å ta utdanning som let seg kombinere med å drive toppidrett, til dømes ved å velje idrett i vidaregåande opplæring.

Etter- og vidareutdanning
Etter fotballkarrieren vel ein del å arbeide i andre roller innan fotballen, til dømes som fotballtrenar.

Dei som jobbar som fotballspelarar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Dei vanlegaste jobbane blant idrettsfagutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 468199 - Idrettsfag, uspesifiserte, videregående, avsluttende utdanning
  • 468101 - Idrettsfag, Vg3

Bedrifter som ansetter fotballspelarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med fotballspelarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3475126 - FOTBALLSPILLER

Andre yrke

To dansarar dansar moderne dans

Dansar

Som dansar brukar du kroppen til å uttrykke deg gjennom rørsler. Ein dansar må ha rørsleglede, god fysikk, musikalitet og uthald. I tillegg må du vere kreativ og like å samarbeide.
En fotballtrener gir instrukser til en fotballspiller.

Fotballtrenar

Profesjonelle fotballtrenarar arbeider med å utvikle fotballspelarar og fotballag.
Idrettskonsulent i snølek.

Idrettskonsulent

Ein idrettskonsulent legger til rette for idrett og fysisk aktivitet i samfunnet.
Idrettstrener sekunderer svømmer i bassenget

Idrettstrenar

Ein idrettstrenar planlegg og legg til rette for trening og konkurranse.
Friidrettsutøvar løper på bane

Idrettsutøvar

Ein profesjonell idrettsutøvar lever av å trene og delta i konkurransar. Ofte har du mykje kontakt med sponsorar og andre samarbeidspartnarar.

Relaterte lenker