Stord Folkehøgskule er ein variert, kreativ og moderne skule - i hjarta av Vestlandet og midt i kystbyen Stord mellom Bergen og Stavanger. Her er det fleire varierte linjer, elevar frå heile landet, godt sosialt og inkluderande skulemiljø, og mange aktivitetar og valfag å fylla skulekvardagen og fritida med.

Nokre sjansar, dei kjem berre ein gong i livet. Viss du trives med at det skjer mykje forskjellig, vil du trivast hos oss. Våre spennande linjer byr på personleg utvikling i eit sosialt år med nye venner frå heile landet. Grip sjansen; kom til kysten, den urbane skulen, og byen midt i naturen!

Kvifor velje Stord?

  • Breiddeskule med mange ulike linjer, spennande valfag og ulike menneske under samme tak
  • Nyrenovert skule, og god standard på internat med eige bad og toalett på kvart rom.
  • Følg dine interesser, i lag med andre med sine interesser.
  • Dyktig personale som kan faget sitt og underviser med engasjement!
  • Eit aktivt og urbant sentrum, med folkeliv og mange spennande fritidstilbod.
  • Kort veg til fjorden, fjellet, skog og mark.
  • Tid til personleg utvikling, og nye opplevingar i godt sosialt fellesskap.
  • Du vil lære om korleis du får ting til å skje i samfunnet, bedrifter, festivaler eller arrangement
  • I tillegg til at du får vitnemål og 2 tilleggspoeng, vil du få med deg vennskap og opplevingar for livet.

Stord Folkehøgskule trur på det beste i folk, vårt mangfald og fellesskap styrker oss.

Stord er ein frilynt skule, som betyr at me ønsker alle velkomne uavhengig av livssyn, etnisitet, legning, kjønn, politiske haldningar eller økonomi.

Stord Folkehøgskule

Telefon: 53414444
StordFHS.no

Utdanningstilbud

Dette lærestedet tilbyr 9 folkehøgskoleutdanninger
Tittel Sorter synkende Interesser
Elevstipendiatlinje Stord Folkehøgskule Arbeidsliv, Solidaritet, bærekraft og miljø, Bærekraft, økologi, miljøvern, Barn og ungdom
Esport, Gaming, og Sosialt! TV, film, video, Media og kommunikasjon
Film og TV - Hollywood Radio og podcast, Media og kommunikasjon, Lyd-, lys-, sceneteknikk
Fjord, fjell og friskliv! Trening og kosthold, Friluftsliv, idrett og sport, Kropp og sinn, Kano, kajakk
Harmoni– Friluftsliv, Helse og Utvikling - Vietnam Trening og kosthold, Friluftsliv, idrett og sport, Klatring, Friluftsliv
Instarail - Foto, Natur og Opplevelser - Europa Friluftsliv, Media og kommunikasjon, Reiseliv
Norwegian Language, Fjords, Food and Culture Reise, språk og kultur, Språk, Mat, kjøkken, Friluftsliv
Politi, Vektar og Beredskap! Andre fag og linjer, Ledertrening, Idrett, Samfunnsfag
Vokal, Band og Låtskrivar Klassisk, korps, orkester, Vokal, kor, opera, Musikk, scene og teater, Musikk