Nøkkelinformasjon

Om studiet

Ser du for deg eit yrke innen Politi, Forsvar eller beredskap, då er dette linja for deg! Du vil få innsikt i og kjennskap til blålysetatane i Norge og få sjanse til å ta nasjonal vektarutdanning.

  • No har opptaket starta, søk no og få svar straks.

På Politi-, Vektar og Beredskaps-linja ved Stord folkehøgskule tar du kanskje første steg mot politihøgskulen, du lærer om samfunnsberedskap og får nye vener for livet. Er du klar for eit læreriktspennande og kanskje livs-endrande folkehøgskuleår?  Er du klar for å vekse som person og utfordre deg sjølv? Då er du hjarteleg velkommen til Stord Folkehøgskule.

Du vil oppleva:

  • besøk hos politi, brann, ambulanse
  • øving med Redningsselskapet og andre frivillige organisasjonar
  • moglegheit for å hoppa i fallskjerm
  • vere vakt på ein større konsert
  • me legg tilrette for frivillig linjetur til USA!

Du vil lære:

  • Nasjonal Vekterutdanning med sertifisering som vektar
  • førstehjelp
  • skytetrening
  • dei fysiske og psykiske opptakskrava til Politihøgskulen, og andre etatar som fengsel og brannvesen
  • samfunnssikkerhet og beredskap i politiet, brann- og helsevesen
  • direkte frå Blålysetatane, samt fengsel, Redningsselskapet og Securitas
  • All undervising og praksis går føre seg på skulen

Alt i folkehøgskulen sitt sosiale fellesskap!

Som del av samarbeidet med Securitas vil me kunne vere med på store arrangement i Vestland og Rogaland. Dei siste åra har Securitas jobba med Bryan Adams, Metallica, Karpe, Robbie Williams, Kygo, Bruno Mars, Justin Bieber og Bon Jovi her på Vestlandet. Du vil lære om sikring og gjennomføring av slike arrangement.

Obs! Mange av våre elevar har fått vekterjobb rett etter skuleslutt. Noko me bistår med å finna.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.