Nøkkelinformasjon
Om studiet
Lær å ta wow-bilder som skil seg ut i mengden! Med kameraet i handa opplever me by og natur på jakt etter gode motiv og fotospots. Interrail-turen planlegg me saman! Verda er vårt lerret.
Liker du å fange øyeblikk med kameraet ditt? Saman skal me oppleve det beste norsk natur har å by på og me skal utforske kreativiteten gjennom praktiske foto-oppgåver, både i studio og utandørs.
Du vil oppleva:
- Interrail-tur gjennom Europa
- Turar i Norge til spektakulære fotospots
- Ta unike bilete til sosiale media og minneboka
- Bli med andre linjer på flotte turar og opplevingar
Kameraet er med overalt!
Årets reise-høgdepunkt blir ein 2-3 vekes Interrail-tur gjennom Europa. Den planlegg me i lag. Berlin, Praha, Budapest, Alpene, Milano, Barcelona, Paris. Me utvidar horisonten vår med kontinentets mange inntrykk. Me vil sitte igjen med ein masse fantastiske kultur-opplevingar saman, og ikkje minst mange fine bilder.
Me drar på mange turar og arrangement i by og friluft, der målet for kvar tur er å fange unike bilder. Du vil lære å meistre kameraet ditt og kva du bør tenke på for å få det meste ut av kvar situasjon.
Me arbeider med redigering, bildebehandling og kunsten å velge ut dei gode bileta. Slik får me dei flottaste bildene til bruk i sosiale media, trykk og utstilling.
På slutten av året arrangerer me ei storslått fotoutstilling med alt det beste de har laga.
I tillegg kan du bli med på kajakkturar, overnatting i telt og under åpen himmel i hengekøyer, båttur med veteranskipet MS Sunnhordland, ski- og snowboard-tur til Hovden og mykje anna gøy!