Nøkkelinformasjon

Om studiet

Opplev, utforsk og lær om å ta deg fram i naturen! Bålkos, soloppgang over fjella, solnedgang i havet, båtturar, turar til fots og på ski i vakker vestlandsnatur er noko av det du får oppleva hos oss!

Me held fokus på introduksjonen og læringa om det fine friluftslivet og krydrar dette med spektakulære opplevingar. 

Du vil i løpet av året bli god på grunnleggjande friluftsliv som; stormkjøkken, bål, leirplass, kart og kompass og generell ferdsel i ulik natur og i ulike årstider. Rundt skulen har vi både vatn, skog, fjell og kyst og som gjev oss mange fine opplevingar i nærområdet. I tillegg får du sjanse til meir utfordrande og spektakulære aktivitetar innimellom. 

Me vil legge opp aktivitetane til det du og klassen har lyst til!

  • Kajakk og våtkort
  • Overnattingsturer ved sjø, i skog og fjell
  • Hytte-vandring
  • Øyhopping med båt og kajakk
  • Frivillig å prøve ut rafting, surfing og Via Ferrata/klatring 
  • Nokre skiturer når anledningen byr seg
  • Fiske og fangst

Du som elev får være med å påverka kva aktivitetar me finn på, og moglegheitene er mange. Det som går igjen er dei grunnleggjande friluftslivsferdighetane uansett kva aktivitetar me endar opp med underveis i året. Kombinasjonen av adrenalin og heftige opplevingar med det å finne roa i naturen, kjenne på stillheten og vere til stede, kjem me til å jobbe mykje med.

Naturopplevingar, samarbeid og meistring er viktige for oss på denne linja.

Me har ein del kortare turar i regionen, men me kjem også til å reise på fleire spennande turar med linja og heile skulen. Som me planlegg saman med deg og klassen.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.