Nøkkelinformasjon

Om studiet

Stord Folkehøgskule er ein av landets nyaste folkehøgskular. Sentralt på Vestlandet, med kort veg til mange ulike opplevingar, folk og natur. Skulen ligg i urbane Leirvik. Ønsker du å bli stipendiat?

Me søker difor deg som kunne tenkt deg å vore stipendiat på landets nyaste folkehøgskule!

  • Som stipendiat får du mykje ansvar for det sosiale og relasjonelle blant elevane; det handlar om å sjå og inkludera dei som ikkje klarar det på eigehand. Elevane treng opne, trygge og omsorgsfulle stipendiater som kan visa dei vegen gjennom året på folkehøgskule.
  • Du får anledning til å bidra til marknadsføring av di linja. Med opplæring i foto, video, redigering, tekstskriving og publiseringsverktøy i sosiale medier. Siden me er ein heilt ny skule er dette utruleg viktig for at me skal bli synleg for fleire søkarar året etter.
  • Du får anledning til å bidra i valfag og vere lærerassistent på linjeaktiviteter. Den beste måten å lære noko på, er å lære det bort til andre. Med denne erfaringa blir du betre på formidling og til å lære deg nye ting. Eit nyttig verktøy i alle jobbar.
  • Du vil få oppfølging i leiartrening av tilsette og ledelsen på skulen.
  • Du vil også få arbeide med marknadsføring av skulen. Du vil få erfaring med foto, video, redigering, tekstskriving og publiseringsverktøy i sosiale medium.

Pris:

Stipendiater får rom og mat dekka av skulen. Dette tilsvarar eit stipend på kr 72 000,- som vert trekt i frå skulen sitt grunnbeløp. Skuleåret vil altså kosta kr 44 300,-, som de kan finansiera via /lånstipend i Lånekassen.

Me gjennomfører samtale med alle som søker om å bli stipendiat. Det er eit krav at du har gått eit år på folkehøgskule tidlegare.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.