Nøkkelinformasjon

Om studiet

Møt andre dedikerte spelarar, bygg lag og delta på kamper, LAN og turneringer. Kombiner gaming, det sosiale og trening, i eit aktivt miljø. Du lærer om kommunikasjon, reaksjon, taktikk og samarbeid.

  • No har opptaket starta, søk no og få svar straks.

Kombiner Gaming og Esport, med sosiale utflukter i eit kjekt nytt vennefellesskap.

Lær meir om spel, lagarbeid og strategi

På Esport, gaming og sosialt får du anledning til å fordjupe deg i ditt spel, og i ulike sjangrar. Spele spel som er sentrale innanfor esporten om det er League, CS:GO, Valorant, Fortnite, OW2, TFT og anna. Om du er fersk eller viderekommen, er du velkommen her.

  • Mange varierte spel, MOBA, FPS, Battle Royale og mykje meir
  • Deltakelse og arrangering av LAN/turneringer
  • Kommunikasjon, strategi og lagspel
  • Spelmekanikk i spel og finpussing av teknikk

Linjetimane består av førelesingar, analyse, speling, konkurransar, theory-crafting, og planlegging. Me tar for oss dei største sjangrane innanfor spel-verden og utforskar dei ilag.

Bli med å arranger LANet IPXLan, som Compo-crew, teknisk-crew og/eller deltakar.

Kva haust arrangerast IPXLan, der får klassen anledning til å vere med å arrangera, planlegga, konkurrera og læra om spel-festivalen som eit LAN eigentleg er.

Eit sosialt år

Du og din klasse samlast basert på felles interesser, og du får mange kjekke opplevingar gjennom skuleåret. Du kan velje i spennande valfag og kombinere ditt eige skuleår.

  • Kjekt sosialt og inkluderande opplegg
  • Mange nye opplevingar, som t.d. paintball, ski/snowboardtur til Hovden, fjordcruise
  • Venner for livet

...og ikkje minst får du oppleve alt det andre som Stord har å by på

Alt i alt; Sosialt, utfordrande, lærerikt, aktivt, spennande og gøy.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.