Nøkkelinformasjon

Om studiet

Du finn roen, kjenner samhaldet, senker pulsen - du opplever alt det naturen har å by på. Harmoni er for deg som vil lære korleis tankesett, fysisk aktivitet, mat og velvære spelar inn på helsa.

  • No har opptaket starta, søk no og få svar straks.

Fysisk aktivitet skal vere variert og kjekt, og hos oss får du prøve deg på padling, SUP, klatring, enkle fjellturarstyrketrening og yoga. Du lærer avspenningsteknikkar, å lage sunn og næringsrik mat, og om korleis mat er direkte knytt til både fysisk og psykisk helse

Avspenning og velvære er viktig for ei god helse. Du vil blant anna lære om og oppleve:

  • Yoga
  • Avspenningsteknikkar
  • Tanketriks
  • Massasje 
  • Lage sunn og næringsrik mat 
  • Nydelege fjellturar som gir sjelero
  • Lære å lage bål og å tilberede mat ute
  • Overnatting i telt/hengekøye

I vinter reiser me på ein lengre linjetur til Vietnam der me skal lære om ein heilt ny kultur, slappe av på krittkvite sandstrender, praktisere yoga, og oppleve vakker natur frå både sykkel, båt og bil.

Stord har eit nydeleg nærområde, og er her det kort veg til fine skogsturar, fjellturar, sjø, treningssenter og klatrehall. Dette gir oss ein unik moglegheit til å tilby eit variert år med mykje aktivitet, utan å måtte køyre langt.

  • Padling i havkajakk (alle får våtkort)
  • SUP
  • Heilårsbading
  • Styrketrening
  • Klatring i hall (alle får moglegheit til å ta brattkort)

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.