Gjennomgått i samarbeid med Olympiatoppen 16. november 2023

Idrettsutøvar

Ein profesjonell idrettsutøvar lever av å trene og delta i konkurransar. Ofte har du mykje kontakt med sponsorar og andre samarbeidspartnarar.

Arbeidsoppgaver

Å vere profesjonell idrettsutøvar inneber mykje trening og gjerne stort talent for den idretten du driv med. Kvardagen består av trening og førebuing til stemne, kampar eller konkurransar.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein idrettsutøvar:

  • gjennomføre nøye planlagde treningsøkter
  • planlegge kvardagen, som for eksempel reiser til konkurransar, rutinar for trening, kosthald og søvn
  • samarbeid med instruktørar, trenarar eller treningsrettleiara
  • pleie forholdet til sponsorar, eksempelvis gjennom representasjon eller reklame

Ofte skjer planlegginga i samråd med trenarar, legar, fysioterapeutar, massasjeterapeutar, ernæringsfysiologar eller idrettskonsulentar.

Det finst profesjonelle idrettsutøvarar innanfor ei rekke idrettar i Noreg. Ofte inneber livet som profesjonell idrettsutøvar mykje reising.

Ein idrettskarriere er ofte kort. Skadar er i mange idrettar ein del av kvardagen, og karrierar kan derfor ende brått. Det er derfor vanleg at profesjonelle idrettsutøvarar tar utdanning ved sida av, for eksempel studiar på deltid. 

Kor jobbar idrettsutøvarar?

Profesjonelle idrettsutøvarar er gjerne tilsette i eller høyrer til ein idrettsklubb. Utøvarar innanfor individuelle idrettar trenar og konkurrerer enten aleine eller saman med medlemmer av sin eigen klubb, eller i samarbeid med andre klubbar. Utøvarar innanfor lagidrettar er gjerne meir knytte til klubben sin i det daglege arbeidet. Organiseringa av utøvarar i klubbar og forbund kan variere mykje frå idrett til idrett.

Korleis er det å jobbe som idrettsutøvar?

Portrettbilde av idrettsutøver. Han ser i kamera med sort dunjakke på.

Idrettsutøver

Richard André Konopka Ordemann

Richard André Konopka Ordemann er idrettsutøver innen taekwondo.

Viktige egenskaper for en idrettsutøvar

Talent og treningsvilje er nødvendige eigenskapar for ein idrettsutøvar. Vidare er det viktig med pågangsmot og evne til å jobbe hardt, både aleine og saman med andre. Som individuell idrettsutøvar må planlegge kvardagen din sjølv, og det er derfor nødvendig at du er strukturert. Som del av ei større gruppe bør du kunne samarbeide og ta omsyn til fellesskapets beste. Du må vere fleksibel og takle ein kvardag med mykje reising.

Kva tener idrettsutøvarar?

Korleis utdannar du deg til idrettsutøvar?

Det krevst inga formell utdanning for profesjonelle idrettsutøvarar. Det er likevel mange som tar idrettsfag i vidaregåande opplæring, eller som går på vidaregåande skolar som er tilrettelagde for at ein kan drive med idrett. Desse finst det mange av i heile Noreg, og mange av desse tilbyr utdanning som er spesielt tilrettelagd for enkeltidrettar.

Innanfor høgare utdanning er det mange som tar utdanning ved Noregs idrettshøgskole, eller ved ein av dei mange høgskolane som tilbyr idrettsfaglege studieretningar. 

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Som idrettsutøvar kan du alltid ta meir kurs og utdanning innanfor ei rekke relevante felt, for eksempel treningslære, ernæring og liknande. Det er også vanleg å ta trenarkurs, som det finst tilbod om enten ved høgskolar eller i regi av ulike idrettsforeiningar eller forbund. Mange tidlegare aktive vel å jobbe som trenarar, på deltid eller på heiltid.

Kva for ei utdanning er vanlegast for idrettsutøvarar?

Bedrifter: Kor jobbar idrettsutøvarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med idrettsutøvarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3475101 - IDRETTSUTØVER
  • 3475126 - FOTBALLSPILLER
  • 3475133 - HÅNDBALLSPILLER
  • 3475134 - ISHOCKEYSPILLER
  • 3475136 - JOCKEY
  • 3475135 - KUSK
  • 3475145 - SJAKKSPILLER

Andre yrke

Idrettstrener sekunderer svømmer i bassenget

Idrettstrenar

Ein idrettstrenar planlegg og legg til rette for trening og konkurranse.
En fotballtrener gir instrukser til en fotballspiller.

Fotballtrenar

Profesjonelle fotballtrenarar jobbar med å utvikla fotballspelarar og fotballag.
Fotballspillere på banen

Fotballspelar

Som profesjonell fotballspelar er du tilsett i ein klubb, og arbeider som fotballspelar på heiltid.
Mann på tur i Jotunheimen.

Naturforvaltar

Naturforvaltaren tek vare på miljøet og naturressursane rundt oss.
En naturguide peker på noe til turfølget

Guide

Som guide leiar du omvisingar for reisande.
Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren planlegg og gjennomfører aktivitetar for ulike brukarar.
Idrettskonsulent i snølek.

Idrettskonsulent

Ein idrettskonsulent legger til rette for idrett og fysisk aktivitet i samfunnet.
En mannlig markedssjef peker på en post-it lapp på et whiteboard.

Marknadssjef

Marknadssjefen har ansvaret for marknadsaktivitetane i ei bedrift.
Journalist intervjuer kvinne

Journalist

Journalisten samlar inn informasjon og formidlar han vidare i aviser, nettaviser, fjernsyn eller radio. Sakene omhandlar ofte nyhende eller aktuelle hendingar.
En komposittbåtbygger reparerer en båt

Komposittbåtbyggar

Komposittbåtbyggaren produserer, held ved like og reparerer båtar av materiale som glasfiber og plast.
Grafisk designer designer reklame på desktop

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.
Webdesigner foran dataskjerm med kolleger i bakgrunnen.

Webdesignar

Som webdesignar lagar du internettsider og kan arbeide med både innhald og design.