 
    Fotballtrenar
Profesjonelle fotballtrenarar jobbar med å utvikla fotballspelarar og fotballag.
Arbeidsoppgaver
Dei aller fleste fotballtrenarane i Noreg er ikkje profesjonelle, men det finst eit stort og mangfaldig trenarfellesskap på fleire nivå. På breiddenivå trenar ein ofte barn, ungdom og vaksne i lokale klubbar, der fokus ligg på trivsel, meistring og utvikling. Mange av desse trenarane arbeider frivillig eller deltid.
På topp- og profesjonelt nivå handlar rolla meir om prestasjon og resultatutvikling. Med fotballtrenar som heiltidsjobb, leiar ein støtteapparat og samarbeider tett med klubbleiing, sponsorar og media. Begge nivå speler ei viktig rolle i norsk fotball, og mange profesjonelle trenarar byrjar karrieren sin i breiddefotballen før dei tek steg vidare opp i systemet.
Dei aller fleste fotballtrenarane er ikkje profesjonelle. Men, både i Noreg og mange andre land finst det etter kvart ei ganske stor gruppe av folk som arbeider som fotballtrenar på heiltid og får lønn for det. Dei fleste av desse jobbar innan klubbdrift/administrasjon og spelarutvikling, medan resten er trenarar for fotballag der hovudansvaret deira er å utvikla enkeltspelarar og fotballaget samla sett.
Nesten alle profesjonelle fotballtrenarar jobbar innan dei tre øvste divisjonane i landet på herresida, i toppdivisjonen på kvinnesida og med dei ulike landslaga i regi av Norges Fotballforbund.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein fotballtrenar:
- førebu, gjennomføra og evaluera treningar og kampar
- planleggja og leia økter med fokus på teknikk, taktikk, fysikk og samspel
- analysera trenings- og kampvideoar for å utvikla enkeltspelarar og laget samla sett
- gjennomføra fysiske testar og følgja opp restitusjonen og treningsbelastninga til spelarane
- førebu kampstrategi og gjennomføra møte med støtteapparat og trenarteam
- observera motstandarlag og vurdera spelarar som kan vera aktuelle for laget
- følgja opp spelargruppa, støtteapparat, samarbeidspartnarar, media og samarbeidsklubbar
- laga veke-, månads- og årsplanar for laget
Arbeidsoppgåvene kan variera, og mange fotballtrenarar er underlagde ein hovudtrenar. Ofte har ein spesialisering innanfor eitt felt, og arbeider til dømes som målvakttrenar, defensiv trenar eller offensiv trenar. Ein profesjonell fotballtrenar bør bruka tid på å oppdatera og utdanna seg jamleg, fordi fotballen stadig utviklar seg som sport.
I mange klubbar finst det også eigne spelarutviklarar som i hovudsak har ansvar for dei yngre spelarane i klubben.
Som fotballtrenar må du rekna med å jobba på både dag-, kveldstid og i helgar. Det er samtidig viktig at profesjonelle fotballtrenarar er villige til å flytta på seg for å få jobb, etter som dei fleste arbeidskontraktar varer berre i to til tre år.
Moglege karrierevegar
Som fotballtrenar kan du utvikla deg på fleire nivå og område. Mange startar som trenarar for barne- eller ungdomslag i ein lokal klubb. Med erfaring og vidareutdanning kan du gå vidare til å trena seniorlag på breiddenivå, eller jobba som spelarutviklar. Nokon blir assistenttrenarar eller hovudtrenarar i toppfotballen, medan andre får høve til å jobba i profesjonelle klubbar eller med landslag. Du kan også spesialisera deg innanfor felt som målvakttrening, analyse eller fysisk trening, og bidra til utviklinga av enkeltspelarar på ulike nivå.
Sjå også idrettstrenar.
 
Kor jobbar fotballtrenarar?
Som fotballtrenar jobbar du i ein fotballklubb eller eit idrettslag.
Bli med ein fotballtrenar på jobb
Korleis er det å jobbe som fotballtrenar?
 
    Fotballtrener
Reman Ahmed Menmi
 
    Fotballtrener
Samuel Kronberg
Viktige egenskaper for en fotballtrenar
Som fotballtrenar bør du ha pedagogiske evner og evne til å inspirera andre. Du må ha leiareigenskapar, klara å setja mål for arbeidet du gjer og kunne kommunisera godt med spelarar, støtteapparat, sponsorar og media.
Kva tener fotballtrenarar?
Korleis utdannar du deg til fotballtrenar?
Det er ikkje éi spesiell utdanning som kvalifiserer til å bli fotballtrenar. Mange profesjonelle fotballtrenarar har ei pedagogisk utdanning retta mot idrett og trenarrolla, gjerne ein bachelor eller mastergrad i idrettsvitskap.
For å vera topptrenar i Noreg må du ha trenarlisens(er). Hovudtrenarar i elitedivisjonen og trenarar på alle NFFs landslag må vera utdanna som UEFA Pro-lisens trenarar. Hovudtrenarar i 1. divisjonen eller toppserien for kvinner må vera utdanna som UEFA A-lisens trenarar.
Kva for ei utdanning er vanlegast for fotballtrenarar?
Bedrifter: Kor jobbar fotballtrenarar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med fotballtrenarar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 3475122 - FOTBALLTRENER
Andre yrke
 
    Dansar
 
    Fotballspelar
 
    Idrettskonsulent
 
    Idrettstrenar
 
    