Gjennomgått i samarbeid med Norges toppidrettsgymnas 02. mai 2022

Fotballtrenar

Profesjonelle fotballtrenarar arbeider med å utvikle fotballspelarar og fotballag.

Arbeidsoppgaver

Dei aller fleste fotballtrenarar er ikkje profesjonelle, men både i Norge og mange andre land finst det etter kvart ei relativt stor gruppe som arbeider som fotballtrenarar på heiltid og får løn for det.

Dei fleste av desse jobbar innan klubbdrift/administrasjon og spelarutvikling. Resten er trenarar for fotballag der hovudansvaret deira er å utvikle enkeltspelarar og fotballaget som heilskap. 

Dei aller fleste profesjonelle fotballtrenarar her i landet jobbar innan dei tre øvste divisjonane på herresida, i toppdivisjonen på kvinnesida og med dei ulike landslaga i regi av Norges Fotballforbund.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein fotballtrenar:

  • førebuing, gjennomføring og evaluering av trening og kampar
  • observere motstandarlag
  • Sjå etter fotballspelarar som er aktuelle for eige lag
  • Oppfølging av spelargruppa, støtteapparatet, samarbeidspartnarar, media og samarbeidsklubbar
  • Lage veke-, månads- og årsplanar for fotballaget

Arbeidsoppgåvene kan variere, og mange fotballtrenarar er underlagd ein hovudtrenar. Ofte er ein spesialisert innan eit felt, og arbeider til dømes som keepertrenar, defensiv trenar eller offensiv trenar.

I mange klubbar finst det også eigne spelarutviklarar som har ansvar for dei yngre spelarane i klubben. Som fotballtrenar må du vere førebudd på å jobbe på både dag-, kveldstid og i helger. Det er samstundes viktig at profesjonelle fotballtrenarar er villige til å flytte på seg for å få jobb, etter som dei fleste arbeidskontraktar berre varer i to eller tre år. 

Ein profesjonell fotballtrenar bør bruke tid på å oppdatere og utdanne seg jamleg, sidan fotballen stadig utviklar seg som sport. 

Sjå også idrettstrenar.


 

Kor jobbar fotballtrenarar?

Som fotballtrenar jobbar du i ein fotballklubb eller eit idrettslag.

Intervjuer

Portrettbilde av fotballtrener Samuel

Fotballtrener

Samuel Kronberg

Som fotballtrener må du klare å bygge et lag og være litt menneskekjenner, slik at du kan få det beste ut av folk, sier Samuel Kronberg.

Viktige eigenskapar

Som fotballtrenar bør du ha pedagogiske evner og evne til å inspirere andre. Du må ha leiareigenskapar, klare å sette mål for arbeidet du gjer og kunne kommunisere godt med spelarar, støtteapparat, sponsorar og media.

Lønn

Utdanning

Det er ikkje ei spesiell utdanning som kvalifiserer til å bli fotballtrenar. Mange profesjonelle fotballtrenarar har ein pedagogisk utdanning retta mot idrett og trenarrolla, gjerne ein bachelor eller ein mastergrad i idrettsvitskap. 

For å vere topptrenar i Noreg må du ha trenarlisens (er). Hovudtrenarar i elitedivisjonen og trenere på alle NFFs landslag må vere utdanna som UEFA Pro-lisens trenere. Hovudtrenarar i 1. divisjon eller toppserien for kvinner må vere utdanna som UEFA A-lisens trenere.

 

 

 

Dei som jobbar som fotballtrenarar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Bedrifter som ansetter fotballtrenarar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med fotballtrenarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3475122 - FOTBALLTRENER

Andre yrke

To dansarar dansar moderne dans

Dansar

Som dansar brukar du kroppen til å uttrykke deg gjennom rørsler. Ein dansar må ha rørsleglede, god fysikk, musikalitet og uthald. I tillegg må du vere kreativ og like å samarbeide.
Fotballspillere på banen

Fotballspelar

Som profesjonell fotballspelar er du tilsett i ein klubb, og arbeider som fotballspelar på heiltid.
Idrettskonsulent i snølek.

Idrettskonsulent

Ein idrettskonsulent legger til rette for idrett og fysisk aktivitet i samfunnet.
Idrettstrener sekunderer svømmer i bassenget

Idrettstrenar

Ein idrettstrenar planlegg og legg til rette for trening og konkurranse.
Friidrettsutøvar løper på bane

Idrettsutøvar

Ein profesjonell idrettsutøvar lever av å trene og delta i konkurransar. Ofte har du mykje kontakt med sponsorar og andre samarbeidspartnarar.