Jotunheimen, Jostedalsbreen,Sognefjordenog høge fjell! Studentbygda Sogndal og skulen vår!
Midt mellom høge fjell og den djupe Sognefjorden ligg forholda til rette for fagleg utvikling og spennande aktivitetar!På eit år hjå oss vil du kunne utvikledegog vere en del av fellesskapet på skulen vår. Med heile område som klasserom finnes berre moglegheiter- kom då!
Det er nemleg berre det som skal til- at nettopp du kjem til oss! Denne skulen er ein heim og denne heimen er ein skule. Kjenner du på lysta til å bu med andre som og er på jakt etter uendeleg påfyll i minneboka så finn du dei hjå oss.
I Sogndal vil du få læring gjennom opplevingar og aktivt bidra til å gripe dei moglegheitene me har tilgjengeleg. Året vil innebere store kontrastar av naturen rundt oss, alt frå å kjenne solstrålar varme på brygga vår, til kjensla av å vere omslutta av puddersnø om vinteren. Uavhengig av kva linje du vel, så legg me opp til ein kvardag der du kan nytte deg av alt Sogndal og omegn kan by på.
Sogndal ligg rett før eller rett etter brua og er ein viktig del av bygdebilete til Sogndal. Kvar og ein som kjem til oss vert ein del av bygda og du er viktig! Dette vil du og kjenne gjennom ulike fag og aktivitetar vi gjer gjennom skuleåret- frå frivillig deltaking på lokalløpet SMILI til heiagjeng på fotballkampar. Du vil treffe lokale på butikken, på skøyteisen vår dei kaldaste dagane og når me haustar av bygdas mange frukttre. Studentlivet er aktivt og tilbyr konsertar og treffpunkt for eit mangfald av interesser. Eit år hjå oss varer livet ut!
Utdanningstilbud
Tittel Sort ascending | Interesser |
---|---|
Sykkel, surf haust | Friluftsliv, idrett og sport, Idrett, Friluftsliv, Europa |
Ski, sykkel og surf | Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport, Sykkel, Friluftsliv |
Ski vår | Friluftsliv, idrett og sport, Vinteridrett, Klatring, Friluftsliv |
Ski og klatring | Friluftsliv, idrett og sport, Klatring |
Klatring haust | Ekstremsport, Friluftsliv, idrett og sport, Friluftsliv, Europa |
Idrett vår | Multisport, Friluftsliv, idrett og sport, Fotball, Ballidretter |
Idrett og ball haust | Multisport, Friluftsliv, idrett og sport, Kano, kajakk, Fotball |
Idrett | Friluftsliv, idrett og sport, Idrett, Fotball, Ballidretter |
Friluftsliv topptur | Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Friluftsliv |
Friluftsliv Noreg vår | Friluftsliv, idrett og sport, Vinteridrett, Ski, brett, snowboard, Kano, kajakk |
Friluftsliv Noreg | Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Klatring, Kano, kajakk |
Friluftsliv haust | Surfing, vannsport, seiling, Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Friluftsliv |
Friluftsliv | Friluftsliv, idrett og sport, Ski, brett, snowboard, Klatring, Kano, kajakk |
Foto Friluftsliv | Media og kommunikasjon, Foto |