Nøkkelinformasjon

Om studiet

Lyst å lære nye idrettar? Her får du eit år med mange spennande aktivitetar utandørs og inne. Gode lokale idrettsanlegg og unike skimogelegheiter i fotballbygda Sogndal.

Sogndal er ein fantastisk plass for deg som likar allsidig og utfordrande idrett i ei av Noregs flottaste bygd.


På skulen har vi egen gymsal, styrkerom, kunstgrasbane og sandvolleyballbane.

Det er kort veg til sentrum og Fosshaugane Campus som er eit av dei største idrettsfaglege miljø i Noreg samla under eit tak. Her er det innandørsfotballbane, klatrevegg, treningssenter og vegg i vegg til handballhall og svømmebasseng.

Som idrettselev er du medlem av idrettssenteret, dette gir deg unike treningsmoglegheitar både i skule og fritidssammenheng.

For skikjøring er det 15 min køyring til Hodlekve eller Sogn Skissenter, snøen ligg som regel lenge og du vil få mange skidagar.

Vinter: 

  • Alpint/telemark, langrenn, skileik og flere andre ute aktiviteter. 
  • Vi brukar og tid inne i gymsalen med forskjellige ballidrettar og andre inneaktivitetar. 

Skulen har kontakter med lokale klubber i fotball og handball for elevar som ynskjer å fortsette med sin idrett ved sida av eit år på Sogndal fhs.

Ynskjer du eit år for å oppleve nye og utfordrende aktivitetar, eit ynskje om å vere i bevegelse, eller ynskjer allsidig læring, sunn konkurranse, eigenutvikling og vennskap? I så fall er dette linja for deg. 

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.