Nøkkelinformasjon

Om studiet

Draumar du om eit variert år ute kor ein blant anna får nyte nydeleg utsikt ilag med gode venner, bære tung sekk til fjells, sitje i kajakk, gå på isbre og lage mat på bål? Då er dette linja for deg.

Allsidighet er eit ord som beskriv denne linja bra. Me bruker kvar årstid sine beste sider!

Når vinteren kjem blir det mange varierte turar på ski med dagstursekk og storsekk med telt. Me vil også variere det med f.eks hundekjøring, sove i snøhole og ta ein tur i ei blåisgrotte! 

Når våren trer fram kan det vere fint med ein kanotur, klatring ute og ei solonatt under open himmel.

Vilde Solås Tjomsland har laget denne flotte filmen fra en vintertur med Friluftsliv.

I løpet av året er målet at du skal lære å ta vare på deg sjølv og trivast i ulike naturmiljø og i all slags vêr. Du vil få ei allsidig innføring i friluftsliv, og du får bidra til utvikling og læring for både deg sjølv og andre. Uansett kva erfaringsgrunnlag du har, vil du få nye opplevingar, utfordringar og ikkje minst eit sterkt samhald med turkameratane dine.

Målet vårt for ditt år på Sogndal folkehøgskule er å auke dugleiken og kunnskapen din om natur, slik at du blir tryggare og friare når du seinare skal ut i naturen aleine eller saman med venner.

Eit år du ikkje vil angre på!

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.