Nøkkelinformasjon

Om studiet

Har du lyst til å oppleve gleda ved å flyte nedover fjellsidene på fantastiske flytstie? Bølgesurfe på Stadt? Klatre til topps på klipper langs Sognefjorden, eller sykle på smale stiar frå fjelltoppar

I Sogndal byr hausten på eit hav av moglegheiter for spennande aktivitetar. Me skal klatre både utandørs på klippene på Kvam og inne på eit av dei flottaste klatreanlegga i landet. Me har høve til å prøve oss på Via Ferreta i Hemsedal eller Loen, og me skal til Stadt for å surfe på bølgene i legendariske Hoddevika. Og ikkje minst skal me nyte noko av den beste stisyklinga du finn i Noreg. 

Gjennom både grunnleggande og vidaregåande teknikkurs vil du får ferdigheiter til å sykle med fart og kontroll i variert terreng. Du vil også bli kursa i bygging av stiar, og derigjennom få høve til å bli ein del av sykkelmiljøet i Sogndal. Skulen har eigen sykkelverksted der du får lære grunnleggjande vedlikehald av sykkelen. Verkstaden står open og er ein populær møteplass for sykkelmiljøet ved skulen.

Du trenger ikkje å vere ekspert på sykkel: linja passar for folk på alle nivå - også nybegynnar.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.