Nøkkelinformasjon

Om studiet

Vil du bruke eit år i verdas villaste råaste, og vakraste klasserom? Me har plukka det beste norsk friluftslivet har å by på, og skal gjennom turar heile året oppleve det enorme mangfaldet Noreg har.

Vil du rafte i breelvar, padle kajakk blant øyer langs kysten, køyre hundespann, kom deg på nokre av dei høgaste toppane i landet, køyre ski i urørt pudder, surfe og klatre?

Vil du oppleve naturen sin raske endringar, råskapen i ein skikkeleg hauststorm, variasjonane i landskap frå kyst til innland, sør til nord og lågt til høgt i det langstrakte landet vårt?

Vil du opplev kjensla av fellesskap med turvenner på kjende attraksjonar og hemmelege perler? Då er denne linja for deg.

Reis mindre, opplev meir.

Me vil fokusere på å bli skikkeleg kjent i nokre av dei mest spektakulære friluftslivsområda i Noreg. Reise berekraftig og fokusere på å sjå mykje, med små utslepp. Det blir gode samtalar rundt bålet, netter under open himmel, hytteturar og teltturar. Det blir Jotunheimen, Lofoten, Hardangervidda, Jostedalsbreen og mykje meir. Det blir rom for å gjennomføre draumeturen din i Noreg. Dette er du som elev med på å fastsetje.

Dette blir eit år med tallause magiske opplevingar i Noreg.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.