Nøkkelinformasjon

Om studiet

Linja med definitivt flest høgdemeter. Sogndal har fantastiske klatreforhold, både ute og inne. Om vinteren er fjella i nærområdet eit skieldorado. Studieturen g til Alpane og Syd-Europa

Sogndal er ein fantastisk plass for deg som likar å klatre og stå på ski.

I Sogndal er vegen kort til alt:

  • Klatreklippe når du lett på 10min, der du kan velge mellom 500 forskjellige ruter.
  • For skikøyring oppe i Sogndalsdalen er det ein kort køyretur. Her er det mange topper du kan velge mellom. Snøen ligg som regel lenge, og du vil få mange skidagar i urørt laussnø.

Om hausten byrjar me med klatrekurs. Her får du grundig opplæring i klatrehandverk. Du lærer alt frå sikring, å klatre på topptau og led. Me vil gå ruter over fleire taulengder. Du vil lære buldring og klatreteknikk. Du lærer og korleis du skal redde andre ved uhell.

Skulle veret bli dårlig, har me ein innandørs klatrevegg me kan benytte oss av. Her kan du klatre og buldre. Du kan og bruke den så mykje du vil i fritida.

Med ski tenkjer me toppturar. Me har mange toppar å velje mellom, fleire enn du rekk på eit skuleår, og me finn som regel laussnø å køyre i. Men me er ikkje bare opptekne av god skikøyring. Me vil at du skal lære deg å ferdast trygt i fjellet. Me held skredkurs, og me bruker tid for å planlegge turar. Du vil lære bruk av kart, og kva du må gjere viss uforutsette ting skjer undervegs.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.