Nøkkelinformasjon

Om studiet

Har du lyst til å oppleve gleda ved å flyte nedover fjellsidene i botnlaus puddersnø? Bølgesurfe på Stadt? Sykle på smale stiar frå fjelltoppar!

I Sogndal byr hausten på eit hav av moglegheiter for spennande aktivitetar. Me skal nyte noko av den beste stisyklinga du finn i Noreg.  Me skal klatre både utandørs på klippene på Kvam og inne på eit av dei flottaste klatreanlegga i landet. Me har høve til å prøve oss på Via Ferreta i Hemsedal eller Loen, og me skal til Stadt for å surfe på bølgene i legendariske Hoddevika.

Gjennom både grunnleggande og vidaregåande teknikkurs vil du få ferdigheiter til å sykle med fart og kontroll i variert terreng. Du vil også bli kursa i bygging av stiar, og derigjennom få høve til å bli ein del av sykkelmiljøet i Sogndal. Skulen har eigen sykkelverksted der du får lære grunnleggjande vedlikehald av sykkelen. Verkstaden står open og er ein populær møteplass for sykkelmiljøet ved skulen.

Du treng ikkje å vere ekspert på sykkel: linja passar for alle nivå - også nybyrjarar.

Når snøen kjem er det ski for alle pengane. Sogndal er eit eldorado for skikøyring. Gjennom vinteren vert du lommekjend i eitt av dei beste toppturområda i Noreg. Me har fokus på sikkerheit og skredfare slik at me kan nyte dei beste nedfartslinjene på ein god og sikker måte. I løpet av året vil du lære nok til å kunne reise på eventyr med ski på beina på eigahand både i inn- og utland.  

Når våren kjem er det berre å velge. Vil du køyre ski i Sogndalsdalen, klatre på solvarme klipper med utsikt til Sognefjorden eller merke flyten frå stiane med sykkelen i Kaupangerskogen.

Velkommen til Sogndal!

 

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.