Nøkkelinformasjon

Om studiet

Linja oppsøker all slags natur og du får lære å meistre alle forhold frå fjell og bre til fjord og hav. Studietur utlandet.

Sogndal er eit eldorado for friluftsliv med noko av det vakraste Norge har å by på. Bygda er omkransa av djupe fjordar som breiar seg mellom høge fjell og brear.

Draumar du om eit variert år ute kor ein blant anna får nyte nydeleg utsikt ilag med gode venner, bære tung sekk til fjells, sitje i kajakk, gå på isbre og lage mat på bål? Då er dette linja for deg.

Allsidighet er eit ord som beskriv denne linja bra. Me bruker kvar årstid sine beste sider! Hausten kan by på lange fjellturar med telt, toppturar, klatring på isbre, kajakktur, klatring, surfing, den berykta 61 grader nord utfordringen vår eller bålkos og fiske.

På folkehøgskule møter du ikkje den 'vanlege' teoretiske kvardagen på skulebenken. Du lærer undervegs i praktiske situasjonar, slik at læringa vert spennande og ikkje minst erfaringsrik.
Målet vårt for ditt år på Sogndal folkehøgskule er å auke dugleiken og kunnskapen din om natur, slik at du blir tryggare og friare når du seinare skal ut i naturen aleine eller saman med venner.

Eit år du ikkje vil angre på!

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.