Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
12. desember 2024.
Om studiet
På bachelorprogrammet i geografi utforskar du samspelet mellom miljø, natur og samfunn. Vi studerer samfunnsaktuelle tema som grøn omstilling, klimaendringar, naturfarar, global ulikskap, klima- og energiomstilling, matsikkerheit og forvaltning av naturressursar. Dette er ei tverrfagleg utdanning der vi studerer samfunnsutfordringar både frå samfunns- og naturperspektiv, frå lokal til global skala.
På bachelorstudiet lærer du korleis prosessar formar naturlandskapet og har innverknad på folk og samfunn, og korleis areal- og ressursbruken har innverknad på natur, miljø og klima. Studiet passar deg som er naturinteressert og samfunnsengasjert, og som ønsker å forstå prosessar i naturen og samfunnet.
På geografiutdanninga stiller vi oss mange dagsaktuelle spørsmål:
- korleis kan klimaendringar, energiomstilling og matproduksjon taklast på lokalt plan?
- korleis kan planlegging og politikk møte utfordringar knytt til befolkningsvekst og -nedgang, migrasjon og mobilitet, ulikskap og urbanisering?
- korleis kan vi bidra til kunnskapsutvikling som fremmer berekraft, sosial rettferd og velferd i framtida?
Mange samfunnsutfordringar treng ei tverrfagleg tilnærming, og som geograf ser du på desse både med samfunns- og naturperspektiv. Denne kompetansen er grunnleggande for å kunne finne gode løysingar og førebyggande tiltak fram mot ei berekraftig utvikling.