Fakta
Lærested:
Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Årsstudium
Studietempo:
Heltid
Studiepoeng:
60
Søknadsfrist:
15. april
Opptakskrav:
GENS
Poenggrenser 2024:
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Studieplasser:
18
Nettbasert:
Nei
Samlingsbasert:
Nei
Deltid:
Nei
Søknadskode (SO):
184248
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
12. desember 2024.
Om studiet
På årsstudium i geografi lærer du det grunnleggande i geografifaget, både i samfunns- og naturgeografi. Du får kunnskap i tema som landformdannande prosessar, regional utvikling, klima, biogeografi, økonomisk globalisering, ressursforvaltning og global utvikling.
Du får kunnskap om:
- kartografi, inkludert innsamling og presentasjon av geografiske data og tematiske kart
- det naturlege samspelet mellom hav, atmosfære og biosfære
- klassiske og nyare teoriar om tilhøvet mellom landbruk, skogbruk, befolkningsutvikling og miljø
Vi drøftar problemstillingar som:
- korleis kan vi takle vår tids store utfordringar som klimaendringar, energiomstilling og matproduksjon på lokalt plan?
- kva effekt har menneskelege handlingar på natur og produksjonssystem, og kva er årsakene til dei endringane som skjer?
- korleis har klima og miljø endra seg i fortida, og korleis kan denne kunnskapen brukast til å forstå dei endringane som skjer i dag, og kva vi kan forvente i framtida?
- korleis kan vi bidra til kunnskapsutvikling som fremmer berekraft, sosial rettferd og velferd i framtida?