Utdanningstilbud

Viser 26 utdanninger
Tittel Studietype Sted Kravkode Førstegang Ordinær
Sosialt arbeid, sosionom Bachelor og høgskolekandidat hivolda.no GENS 33.70 41.70
Spesialpedagogikk Master og høyere hivolda.no
Spesialpedagogikk Master og høyere hivolda.no
Språk og litteratur Bachelor og høgskolekandidat hivolda.no GENS Alle Alle
Teater og drama Bachelor og høgskolekandidat hivolda.no DRAHVO Alle Alle
Teater og drama Årsstudium og kortere hivolda.no GENS Alle Alle

Om lærestedet

Vi har om lag 4600 studentar som studerer på heiltid, deltid og nett. I studiekatalogen vår finn du årsstudium, bachelor og masterstudium og etter- og vidareutdanning. Noko for alle.

Vi har ikkje store studentkull der du blir ein i mengda. Du kjem tett på flinke lærarar og ikkje minst medstudentane dine. Volda er kjent landet over for sitt nære og gode studentmiljø der studentane får seg venner for livet.

Vi har utruleg mange tilbod av smått og stort, og du treng på ingen måte vere toppturentusiast for å flytte hit – sjølv om mange er glade for kombinasjonen fjell og fag. Føretrekk du å sjå film eller spele data, delta i revy eller ha verv i studentpolitikken, arrangere festival eller sykle så fort du kan ned ein bakke, lage radio eller holde på med yoga – i Volda er det eit tilbod og eit miljø for det meste. Ikkje gløym at Volda har eit tosifra tal festivalar i året!

Det er heller ikkje feil at Volda er ein av dei aller billigaste studiestadane å bu i landet – da har du pengar til mykje anna moro.

Sjekk oss ut!