Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
I dette deltidsstudiet får du inngåande kunnskapar, ferdigheiter og kompetansar som gjeld opplæringa i barnehage og skule. Merksemda er særleg retta mot dei spesialpedagogiske utfordringane og korleis kombinere omsyna til den enkelte med inkluderande opplæring som ramme.
Personale med spesialpedagogisk kompetanse kan bidra til å sikre kvaliteten i opplæringstilbodet til alle barn, unge og vaksne, men er særleg viktig for å sikre kvaliteten på opplæringstilbodet til barn, unge og vaksne med behov for ekstra tilretteleggingar i opplæringa. Viktige føringar for dette er tidleg innsats, førebyggande arbeid, tilpassa og inkluderande opplæring og inkluderande læringsmiljø.
Avhengig av forkunnskap og studiespesialisering gir studiet deg kvalifikasjonar for mellom anna arbeid i spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og andre relevante institusjonar, arbeid i PP-tenesta og arbeid i høgskulesektoren.
Mastergrader gir også grunnlag for opptak til doktorgradsstudium og ei karriere som forskar.